Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Bjørndalshesten og Kvitanosi

Date:
16.10.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h

Kjørte anleggsvegen frå Brekkhus opp til Volavatnet. Gjekk opp til demningen og lurte litt på kva vegvalg eg skulle ta. Det blei til at eg gjekk litt ned igjen og fulgte den blåmerka stien et stykke før eg dreide sørvestover for å ta med Bjørndalshesten. Så ned i skaret der stien går gjennom, men eg gjekk derfrå bratt oppover til Kvitanosberget. Så ned på nordsida over den islagte Kvitanostjørna og opp austryggen til Kvitanosi. Det låg litt nysnø oppå den gamle snøen over 1300 moh, men ingen nysnø i området ellers. Hadde lang pause på toppen og studerte utsikten med kikkert i det usedvanlig klare veret. Ifølge infosklit nede ved parkeringa skulle det ca 600 m nordvest for Kvitanosi ligge restar av eit tysk fly som styrta under krigen. Fant denne plassen ganske greit og >>>

Map    

Ernstknuten

Date:
08.09.2015
Characteristic:
Hillwalk

Ein del skoddeskyer nedpå fjella denne føremiddagen som bekymra meg litt, men ifølge vermeldinga skulle det klarne opp. Gjekk oppover forbi Månafossen der eg traff fleire turister som såg Månafossen. Videre forbi fjellgarden Mån på stien mot Blåfjellenden. Nå klarna det heldigvis opp og ved 429-punktet vest for Fidjavatnet forlot eg stien og gjekk opp den lettgåtte ura i Høgstøldalen over Ørnaheia der Ernstknuten åpenbarte seg. Måtte så litt ned igjen før siste oppstigninga til Ernstknuten. Stor varde på toppen og til min overraskelse var det trigpunkt ved varden. Dette er dessverre ikkje avmerka på nokon kart eg har sett. Det er fleire omtrent jamnhøge toppunkt oppe på platået men der varden står er antakelig høgaste punkt. Visste at det skulle vere eit flyvrak på >>>

Map    

Nattetur på Lifjell

Date:
29.10.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
11:00h
Map    

Napuren og nabotopper

Date:
16.10.2011
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h

Gjekk på T-stien mot Hovstøl fra Rv 45 vest for Kjønnesvikvatnet. Etter drøyt 3 km forlot eg stien og gjekk opp på Høgsætet. Var først på sørtoppen og så på hovedtoppen ca 400 m lenger nord som i ØK er oppgitt til 1268,1 m. På M711-kartet fra 93 står det 1274. Lettskya ver med flott utsikt, særlig austover mot Gaustatoppen. Gjekk deretter på Draumenuten og så til Napuren som er høgaste topp i Fyresdal. Mykkje dis nå utpå ettermiddagen som reduserte utsikten betraktelig. På tilbaketuren var eg oppom Kaldheimsheii som har vidt topplatå men markert topp.

Map    

Grauthellerheia og Fitjaknuten

Date:
08.10.2011
Characteristic:
Hillwalk

Parkerte ved bommen i Flatstøldalen ved Ådneram i 11-tida. Sykla ca 15 km til Duge kraftverk og gjekk opp til Svartevannsdammen. Så gjekk eg vestover over dei tre toppane i Grauthellerheia. På den austre toppen står det ei sambandshytte til luftfartsverket. Gjekk videre vestover og opp på ryggen sør for Kamsdalen. Var oppom topp 1111 og andre meste like høge topper før eg gjekk vidare til Fitjaknuten frå nord-aust. Flott dag med utsikt til bl.a Napen og Snønuten i Suldal. 6-8 cm snø over 1000 m. Isete og glatt noen plasser men stort sett greie forhold. Gjekk ned på sørsida og tok en svipptur vestover til Midtkammen før eg fulgte stien mot Grautheller turisthytte tilbake Duge kraftverk. Stien var ikkje lett å sjå pga snøen men det var faktisk ferske fotspor, motsatt vei, som >>>

Map    

Hårteigen

Date:
25.07.2010
Characteristic:
Hillwalk

Reiste frå arbeid på Forus fredag etter middag og kjørte inn Hjølmodalen og opp den bratte svingete vegen og parkerte ved den øverste parkeringsplassen ved Berakvamsdalen. Gjekk så til Hedlo turisthytte og overnatta. Laurdag gjekk eg vidare til Hadlaskard Turisthytte. Sundag gjekk eg på dagstur til Hårteigen opp og ned normalvegen i skaret i austsida. Det var god sti og litt enkel klyving i det bratte skaret. Ubetydelige snørester. Skya ver men likevel klar utsikt fra toppen. Såg bl. a Fresvikbreen. Tok meg god tid og var sikkert minst to timer på toppen før eg returnerte same veg. Ny overnatting på Hadlaskard og gjekk tilbake mandag og reiste heim om kvelden.

Map    

Nordre Steinheia

Date:
17.10.2009
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:00h

Gjekk frå Vinddalen på sti langs Tverråna gjennom Sletteskaret til Fossåkvæven. Flott utsyn herfra ned i det mektige Fossjuvet. Gjekk videre austover til Fossåknuten og topp 952 og 959 og så nordover til midtre og nordre Steinheia. Flott utsikt i skarp haustluft. På tilbaketuren gjekk eg over Molteknuten og mellom Molteknutvatnet og Ratekvævvatnet og ned langs Fossåna til eg kom inn på stien igjen som eg fulgte tilbake til Vinddalen. Det var fint ver med litt frost i bakken og rester av nysnø over 800moh. Tok meg god tid og brukte nimmare 12t på denne turen. Det blei naturligvis mørkt på returen, men hadde med lykt.

Map    

Mjåvassknuten fra Ørsdalen

Date:
07.06.2008
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h

I Ørsdalen tok eg til høyre over brua mot Vassbø og etter en km svingte eg til venstre inn på en grusveg og etter ca 400 m kom eg til Ørsdalen kraftverk. Ingen anlagt parkeringsplass her men det går an å parkere ved trafokiosk eller infoskilt. Ved infoskiltet gjekk eg over en gjerdeklyver og fulgte en delvis gjengrodd anleggsveg oppover langs austsida av elva. Dette er også en merket sti over til Eigelandsdalen men etter en snau km tar denne stien av til høyre. Her fulgte eg anlegssvegen på høyre side av høgspenttraseen langs Hellersbekken. På ca 500 moh (en halv km nordvest for Juvvatnet) krysser "vegen" under høgspentlinja. Her gjekk eg av veien bratt opp i lia på venstre side gjennom jungel av bjørk, einar og lyng mellom bratte skrenter. Det er fleire mulige traseer >>>

Map    

Fidjaknutane og nabotopper

Date:
21.04.2007
Characteristic:
Hillwalk

Gjekk frå Høgaleitet med stegjern på skaresnø opp over Djupavatnet og så vestover til Brådlandsknutane, Mørkeknuten og ned over Mørkatjørna og opp på Fidjaknuten. Fabelaktig utsikt fra sannsynligvis Gjesdal's flottaste utsiktsfjell. Kunne bl.a sjå Folgefonna i nord. Gjekk så videre nord- og austover til Grønaknut og deretter sørover til Kvernavassheia/ Steinheia. Mellom Grønaknut og Steinheia var det noen plasser gjennomslag som gjorde det tungt å gå. Frå Steinheia gjekk eg søraustover til Djupavatnet tilbake til Høgaleitet. Det var klarver første del av dagen, men gradvis tilskyande frå vest og sønnavind og litt sludd om kvelden.

Map    

Rosskreppfjorden rundt

Date:
07.07.2001
Characteristic:
Hillwalk
Map