Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Vallresknuten

Date:
27.01.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
4:00h

Mild vinter og uvanlig lite snø for årstida. Det var omtrent ikkje snø i alpinbakken. Fin dag med litt frost i bakken så det var gode fotturforhold. Lenger oppe var den snøen som låg igjen fast og fin å gå på. Fulgte grusvegen meste til topps av alpinbakken og så ein nødla sti vidare til Vallresknuten. Stien går langs nord- og austsida av Måkavatnet, men eg gjekk over isen som er kortaste veg. Hadde med øks for ismåling og registrerer målingar på eit iskart og får dermed statistikk på isforholda frå år til år. Søraustlig frisk bris så det var hustrig nok sjøl om det var få kuldegrader.

Map    

Flassavatnet rundt

Date:
15.01.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h
Map    

Vådlandsknuten

Date:
07.01.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
7:30h

Litt snø og isete veg oppover frå Madland, men det hadde tint såpass i hjulspora at eg kunne kjøre heilt opp til parkeringsplassen. Det stod 3 andre biler der. Var 6-8 cm snø som var kram med svak skorpe etter mildveret dagen før. Gjekk opp langs Fossbekken og over Fisketjørnane som såvidt var gangbare igjen etter et par dager med frost. Vidare oppover auka det litt på med snøen og det var nokre dager gamle fotspor, men ikkje dagsferske spor forbi Indra Fisketjørna. Litt tungt å gå i snøen som ikkje hadde berande skare, men det var ikkje akkurat skiføre heller så fottur var nok rette framkomstmåten. Vardeboka på toppen var bytta ut 1. nyttårsdag og eg vart andre mann til å signere boka for i år. Det var visstnok 832 besøkande i fjor. Gjekk vidare ned til Vådlandsvatnet >>>

Map    

Dyranuten

Date:
05.01.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Krossfjellet og Kolfjellet

Date:
24.12.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Tverråknuten og Hunnefjell

Date:
14.12.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
12:00h

Snøfattig førjulsvinter så det blei fottur i det fine veret. Store temperaturkontraster med +3 gr heime, mens det var -6 gr i Hunnedalen denne føremiddagen. Gjekk opp sørryggen av Tverråknuten og vidare nordover mot Øyarvatn for å sjå an forholda. Planen var å evt gå over Øyarvatnet til Sandvatnet og Austra Blåfjell, men sidan Øyarvatnet låg åpent gjekk eg til Hunnefjell i plassen. Godt å gå på skaresnøen, men litt vel hardt og isete i den bratte nordsida til Søre Hunnefjell så isøks kom godt med der. Kom til topps i god tid før sola gjekk ner. Var forveten på isforholda på Sandvatnet så eg gjekk vidare til Nordre Hunnefjell og nordover forbi Mohedlaren og Sandvatnhytta og ut på Sørkilen og ein god runde over Sandvatnet. Hadde med stor øks og tok fleire målinger. >>>

Map    

Dyranuten

Date:
03.12.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Vallresknuten

Date:
02.12.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Dyranuten

Date:
29.11.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Dyranuten

Date:
10.11.2016
Characteristic:
Hike
Map