Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Hareidlandet og Gurskøya

Date:
23.09.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Veirahaldet og Blåtinden

Date:
22.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h

Gjekk opp langs heistraseen og nordover forbi Storvatnet på vestsida og opp til Veirahaldet som har varde med bok. Vidare ned den bratte sørausteggen der eg måtte vera veldig forsiktig et stykke ned mot Kolbeinsskaret. Det er bratt sva med mose- og grasdekte hyller i mellom. Stor utglidningsfare her, men det hadde heldigvis torka litt opp etter alt regnet kvelden før. Nokon småhamre måtte også omgås i sjølve skaret. Så enkelt opp til Blåtinden som har varde med bok. Var bortom trigpunktet før eg gjekk sør- og sørvestover forbi Trollvatnet på austsida og sørover til Eitrefjellet og ned langs alpintraseen igjen. Tok eit bad i bekken ved skisenteret før eg reiste ned til Sæbø på Peakbooktreffet.

Map    

Storesarpen og Røvsdalsnipa

Date:
21.09.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:00h

Hadde kjørt opp den bratte anleggsvegen til Dansavatnet dagen før for turen til Blæja. Frå dammen i sørenden av Sarpavatnet gjekk eg opp austryggen til Storesarpen og vidare vestover til Røvsdalsnipa som har varde med bok. Så tilbake igjen over 917, Rypeholten, 658 og Sølvbergnausen. Sønnavind og regn, men god sikt og ein lang periode med opphald tidleg om kvelden. Ingen store pf-topper, men ein enkel tur pga veret som likevel ikkje blei så gale.

Map    

Blæja, Tuva og Blæjeskartinden

Date:
20.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h
Map    

Eikåsnipa og Kletten

Date:
19.09.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
4:15h
Map    

Stora Blåfjell

Date:
04.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h
Map    

Kvitserk

Date:
03.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h

Snøfri veg over Venaheia denne seinsommaren. Var fyrst på dei to Venaheitoppane før eg gjekk til Kvitserk frå Førrevassdammen. Var oppom 1124-toppen og derfrå er det litt uryddig bergterreng med mange småtjern vestover til Kvitserk. Her er det to topper som ØK oppgjer til 1166,9 m på begge, mens N50 bare oppgjer høgde 1142 og 1148 på to topper lenger vest som eg og var oppom. Ingen tvil om at austtoppane er høgast. Dei ligger 2-300 m frå kvarandre, men har altså lik høyde ifølge ØK. Gjekk så tilbake til Førrevassdammen og fant ei litt lettare rute litt lenger sør.

Map    

Napungen

Date:
02.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h

Parkerte på Øvre Moen og sykla drøyt 5 km ned til Nedre Moen. Gjekk drefrå sørover opp fjellsida vest for Moanuten og måtte så gå bratt ned ca 60 hm, og så vestover opp austryggen til Napungen. Liten varde og trigpunkt på toppen. Etter ein kort pause gjekk eg vidare austover mot Drakaheia. Ei ettermiddagsbøye kom austfrå gjennom Ulladalen og litt skvatt på meg og. Det var eg ikkje forberedt på denne dagen, men det blei heldigvis med den eine bøya. Stor varde på Drakaheia 1142, og var så oppom 1151 og gjekk via 1139 ned den bratte nordvendte skråninga til Øvre Moen.

Map    

Søraheia og Nordraheia

Date:
20.07.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
6:30h

Gjekk frå p-plassen ved Funningsland som er same utgangspunkt som turen til Brendeknuten og Fjellsenden dagen før. Begynte på traktorveg opp på austsida av Tøssåna og så eit stykke på stien sør for Søraheia. Var oppom fleire toppunkt på det vide platået, men området rundt trigpunktet er klart høgast. Gjekk så ned til vestenden av Kaldavatnet og forbi Jonsstøl vidare oppover til Nordraheia. Litt nord for toppen er det flott utsikt innover Jøsenfjorden. Litt lenger vest er det ei lita hytte og virker som det har stått ein sendar her tidligare. Det går ei nedlagt straumlinje som eg fulgte sørvestover til Funningsland. Stolpane står stedvis mens kablane ligger på bakken. Dette var trulig denne sommaren varmaste dag, men det skya til om kvelden.

Map    

Brendeknuten og Fjellsenden

Date:
19.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:15h

Parkerte på stor p-plass på vestsida av Tøssåna ved Funningsland. Herfrå gjekk eg forbi gardane og så på T-stien mot Eidavatn. Vest for Kvivatnet forlot eg stien for å sjå nærare på Trollgarden som er ein minst 2 km lang steingard som går frå austsida av vatnet og buktar seg oppover til ca 900 moh. Denne steingarden er stort sett 5-10 m brei og opp til 5 m høg og består av steiner i alle slags størrelser. Denne er nok etterlatt etter ein midlertidig isframrykking rett etter siste istid. Gjekk så over Nordre, Midtre og Søre Brendeknuten til Fjellsenden som antakelig har Rogalands største og finaste varde. Den blei bygd av tre hjelmelandskarer og ferdigstilt 9. august 1917. Postkasse med vardebok frå 2010 men den var dessverre gjennomblaut. Hadde ein dryg time pause her i kveldssola >>>

Map