Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Other winter trip (13)
- Snowshoe trip (13)
-
Ski trip (130)
- Backcountry skiing (128)
- Cross-country skiing (2)
-
Trip by foot (521)
- Alpine trip (2)
- Hike (408)
- Hillwalk (102)
- Walk (7)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Collected lists
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Gjesdal 50m pf
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favourite peaks
Svartevassknuten frå Maudal.
- Date:
- 25.04.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 8:27h
- Distance:
- 18.2km
Parkerte ved bommen nedanfor kraftverket, og sykla derfrå ned til Nedre Maudal der eg begynte fotturen. Fulgte traktorveg mot Maudalsbrekka og såg ikkje kor stien tok av. Trudde den var godt skilta. Greit nok å gå opp på austsida av bekkegjelet sjøl om det sikkert er mykje betre å følge stien på vestsida. Kom meg opp på Bjørnaknuten, og gjekk vidare austover. Det er sti langs nordsida av Stølsvatna som eg fulgte eit stykke før eg gjekk mellom vatna og opp vestryggen til Svartevassknuten. Gjekk så ein runde over fleire navnlause topper til Krogeknuten og ned den særs bratte sørvestryggen. På ca 720 moh måtte eg klatre ca 5 hm ned eit brat bekkegjel så vil ikkje anbefale å gå ned her. Vidare greit over 753-toppen og ned til anleggsvegen mellom Myrtjørna og kraftverket.
Gallhøpiggane og Hallbrekknuten
- Date:
- 19.04.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:32h
- Distance:
- 13.9km
Parkerte på den store p-plassen ved Røde Kors-hytta på Øvstabøstølen. Sykla derfrå ca 8 km ned til Øvstabø der eg begynte fotturen. Gjekk gjennom gardstunet og så på god sti nokså bratt opp Øvstabøbrekka. Så vidare nordaustover uten sti over Daurmålknuten, Vimånibbene og Liloknuten. Mellom Vimånibbene og Liloknuten er det ein karakteristisk Preikestol-lignande knaus med flott utsikt ned i Øvstabødalen. 786-toppen der kallast på lokalnamn.no for Vimmanibane.
Vidare austover til Gallhøpiggane, Midtstølknuten og Hallbrekknuten. Så ned langs Nonsbekken til Øvstabøstølen. Det går sti høgare oppe i terrenget, men greit å gå stilaust tidlig på våren med lite vegetasjon. Det aller meste av snøen var forsvunnet, så kun snøfenner igjen.
Hesteholknuten
- Date:
- 08.04.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:10h
- Distance:
- 13.0km
Det var anleggsarbeid ved Kilen dam, men eg parkerte i vegkanten et stykke nedanfor. Sykla derfrå ned til Kvæven der eg gjekk opp på Kvæveheia og vidare nordover via den eine steindemningen på Valevatn til Hellarknuten, Hesteholknuten, Ådnestjødnhei, Bergeheia over Kilen dam og Kvithedlarknuten. Det stod skilt om at det var forbode å gå over demningane, men det var eg ikkje klar over då eg planla turen.
Sandvassknuten
- Date:
- 07.04.2025
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 8:35h
- Distance:
- 25.1km
Bar ski opp til ca 850 moh før det blei samanhengande snø. Ffulgte kvistaløypa til Litla Sandvatnet der eg tok av og gjekk opp til Sanvassknuten. På veg ned løsna bindingen på den eine skia, så eg droppa fleire topper. Surra bindingen fast til skia med Biltemastropp, men den løsna igjen fleire gonger. Blei likevel bedre enn å gå til fots i vårsnøen. Var bortom Sandvatnhytta og så utpå Øyarvatn for ein årviss ismåling før retur til Lortabu.
Reindalsknuten og Sauedalsheii
- Date:
- 06.04.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:54h
- Distance:
- 12.8km
Parkerte ved bommen ved Hønetjødn. Fulgte så merka sti til nordsida av Hønetjødn. Vidare rundtur uten sti til Store Bjødnefjell, Reindalsknuten, Sauedalsheii, Tjødndalsknuten, Svåeheie og Litle Bjødnefjell. Så ned til utgangspunktet igjen. Vekselvis barmark og snø, og snøen var grei å gå på til fots.
Storbakknuten og Myrfjell
- Date:
- 05.04.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:13h
- Distance:
- 14.6km
Parkerte ved bommen nedanfor kraftverket og hadde med sykkel opp til første hårnålssving. Gjekk på merka sti vidare austover til Gongekroknuten. Vidare uten sti til Storbakknuten og Myrfjell. Vårløysninga var for langt komen til at eg kunne krysse Krokavatnet slik eg hadde tenkt.
Fekk derimot teste ut den smale bratte renna i sørvestsida av Myrfjell. Renna er trulig ca 35º bratt med en svak konveks i øvre del. Snøen i renna hadde passelig konsistens til å få godt fotfeste. Isøks var og til god hjelp for å sikre mot utglidning.
Etter ein pause på Myrfjell blei det retur ein litt strakare veg ned til anleggsvegen, og kunne då sykle siste stykket ned til bommen.