Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Sinneskula

Date:
23.05.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:31h
Distance:
19.9km

Parkerte på sørsida av Lysevegen litt vest for fylkesgrensa. Lite snø igjen i området etter en veldig varm mai. Isløysning på Børsteinsvatnet, men mulig å krysse tvers over den lange smale vestlige vika. Derfrå var det snøsikker trase med greit skiføre sørover mot Sinneskula men nokon få korte passasjer med skibæring. På veg opp nordaustryggen av Sinneskula tjukna det til frå søraust og eg fekk ei kort men intens regnbøye over meg. Eit tordenbrak var det og. Blei fort blaut og kald, men det letta heldigvis fort opp så greit å fortsette turen. La returen over Vassfellheii og Halvfarheii. Ved oppstigninga til Vassfedlheia kom eg på fotohold av ein liten vadefugl, fjæreplytt, bare få meter frå meg. På slutten av turen skvatt det litt regn igjen, men då var eg nesten opptørka.

Map    

Urdalsknuten og Simleknuten

Date:
22.05.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
15:48h
Distance:
43.3km

Den vinterstengte Suleskarvegen åpna etter vinterstengning middagstid 21. mai, og eg reiste opp om ettermiddagen for å sjekke forholda. Det såg bedre ut enn eg frykta etter varmen siste veka. Då eg var ved Rosskreppdammen var det en annen kar så kom for sjekke forholda på fjorden. Han hadde hytte i Sirdal og tenkte å gå til Urdalsknuten dagen etter. Siden eg og skulle gå avtalte me å gå kl 6.30. Eg overnatta i bilen, og mens eg åt frokost kom han i 6-tida. Me begynte å gå en halvtime seinare og det var fine forhold med tynn morgenskare etter klarværsnatt. Me gjekk i land ved Stushellerodden der det var lett å gå i land på nordsida av odden. Det hadde som venta åpna seg opp i nordenden av Rosskreppfjorden, og umulig å gå i land der eg pleier. Turkameraten skulle rekke en avtale >>>

Map