Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Førlandsnuten og Øykjafjellet

Date:
03.10.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
7:30h

Parkering ved Storåsfoss ca 3,5 km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Gjekk på merka sti frå nordsida av vegen litt vest for Storåsfoss opp til Førlandsnuten. Fulgte sti vidare nordover til Krokarfjellet. Vidare over Småkrokane og ned til vegen til Regnarvatnet. Var oppom Lusabergknuten før eg gjekk vidare nordover mot eit minnesmerke som det var skilta til frå vegen mot Regnarvatnet. Gjekk så tilbake via vest- og sørsida av Regnarvatnet på sti opp til Flatafjellet og Øykjafjellet med avstikker stilaust til Krossfjellet. Det går visst sti til Øykjafjellet frå vestsida også, men eg gjekk ned sørsida og over Heståsen på sti som stedvis var lite synlig. Siste stykket på tydelig sti ned til Storåsfoss.

Map    

Kjeatofjellet og Tårnfjellet

Date:
02.10.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
8:30h

Parkering ved Storåsfoss ca 3,5 km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Fulgte merka sti mot Kjeatofjellet med ein avstikker oppom Husafjellet. Vidare på sti også opp til Tårnfjellet via den bratte vestsida frå Rovadalen. Så stilaust austover over Sauafjellet til Kruna og ein markant namnlaus topp 628 sør for Kruna. Skulle tru Kruna er feilplassert på kartet, men både N50 og ØK plasserer Kruna på ein lite markant topp mellom Ytre Buksetjørna og Svortingsvatnet. Gjekk opp og ned nordvestryggen til 628-toppen. Bratte fjellsider ellers. Vidare ned sørover mellom Buksetjørnane og vestover mot Moslivatnet og ned til nordenden av vatnet. Der kom eg inn på sti opp til Rovadalen og fulgte så stien tilbake til utgangspunktet med ein avstikker på sti oppom Lomafjellet.

Map    

Øykjafjellet og Tunglandsfjellet

Date:
01.10.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
3:00h

Parkering ved kraftstasjonen ein drøy km opp frå Jørpeland skilta mot Fureneset. Gjekk over brua over Jørpelandsåna og fulgte først grusveg eit stykke oppover og så på merka sti. Det er stort utvalg av stier i området, og valgte å gå først sørover til Øykjafjellet via Middagsåsen. Så nordvestover til Tunglandsfjellet der det er flott utsikt over utover fjorden og Jørpeland. Tok ein bratt sti ned nordaustryggen og så på vegen tilbake til kraftstasjonen. Merka sti på heile denne turen, men klarte å miste stien eit stykke mellom Øykjafjellet og Tunglandsfjellet.

Map