Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Other winter trip (13)
- Snowshoe trip (13)
-
Ski trip (130)
- Backcountry skiing (128)
- Cross-country skiing (2)
-
Trip by foot (519)
- Alpine trip (2)
- Hike (408)
- Hillwalk (100)
- Walk (7)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Collected lists
- Hjelmeland ≥ 100m pf.
- Rogaland ≥ 250m pf.
- 2000m 100m pf. fastlandet.
- 2000m 50m pf. fastlandet
- 2000m 30m pf. fastlandet
- Jørpelandsheia ≥ 50m pf
- 2000m 20m pf. fastlandet
- Rogaland ≥ 100m pf.
- Hordaland ≥ 500m pf.
- Strand 50m pf
- 2000m 10m pf. fastlandet
- Preikestolen Nasjonalpark ≥ 50m pf
- ROGALAND SJUMILSTØVELEN
- Suldal ≥ 100m pf.
- Topp 1000 i Rogaland
- Gjesdal 50m pf
- Sandnes 50 m pf
- Kommunetopper Vest-Norge
- Sirdal ≥ 100m pf.
- Lom ≥ 100m pf.
Favourite peaks
Topper rundt Seilvassdalen
- Date:
- 13.04.2019
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 9:30h
Dette er ein uvanlig turvariant og for spesielt interesserte. Desse toppane er normalt lettast tilgjengelig frå Øvstabø eller Hunnedalen. Då eg var på Myrfjell og Storbakknuten tre dager tidligare fant eg ut at isforholda egna seg veldig godt for sykkeltur. Isen var rundt 25 cm, men i begynnande vårløysning.
Leide sykkelen opp den asfalterte anleggsvegen til demningen i vestenden av Myrtjørna. Sykla så over isen på Myrtjørna og Stora Myrvatnet. Måtte leie sykkelen et stykke mellom dei to vatna sdan det var nedtappa etter vinteren. Totalt ca 6 km over isen, og sykla i land i austenden ved Myrvik og gjekk opp austover til Bergan og ein rundtur over fleire namnlause topper i grensetraktene mellom Gjesdal og Sirdal rundt Seildalane eller Seilvassdalen som det står på nye kart. ØK plasserer Seilvassdalen lenger >>>
Myrfjell og Storbakknuten
- Date:
- 10.04.2019
- Characteristic:
- Hike
Parkerte ved kraftstasjonen. Hadde med sykkel som eg leide opp den asfalterte anleggsvegen opp til til Myrtjørna. Kun nokre få snøfenner over vegen lengst oppe etter ein nokså snøfattig vinter. Sykla over den islagte Myrtjørna og gjekk opp til Reiarsskaret på stort sett fast skaresnø. Hard bratt snøfonn øverst i skaret, men kom meg greit opp uten stegjern. Isøks var likevel god å ha. Gjekk over Krokavatnet, og så opp sørsida til Myrfjell. Retur same veg, men var oppom Storbakknuten før eg gjekk ned igjen via Reiarsskaret. Sykla så tilbake over Myrtjørna og anleggsvegen ned til Maudal.
Greipa
- Date:
- 20.03.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 8:00h
Fulgte oppkjørt skiløype nordover til Åkroken. Derfrå austover Sandvassdalen der eg gjekk ut av løypa og opp på Steinheia. Så nordvestover til Bjørnaknuten og vidare vestover til Greipa, før eg dreide sørover til topp 764 og 782. Rant ned til Oksevadtjørna og fulgte skiløpa tilbake til Stavtjørna. Overskya ver med enkelte solgløtt og nordvest frisk bris denne dagen. Greit skiføre i kram snø.
Gryteheia
- Date:
- 19.03.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Gjekk opp Lomsdalen og opp til Gryteheia frå nordvest. Gjekk så over Kvernavatnet for å måle isen, og så over Tindeknuten og rant sikksakk bratt ned til Laugarvatnet og vidare ned Austdalen der eg måtte forsere ei ur og så opp til Ørsdalstunellen som eg gjekk gjennom. Lite snø under 400 moh så måtte bære skia en del på slutten. Dagen begynte med klarver og sol, men skya gradvis til frå vest. Det skvatt litt sludd og regn om kvelden, og auka på med nedbør då eg var ferdig med turen.
Skarkaknuten
- Date:
- 18.03.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Gjekk rundtur med Vindheia først. Skitrekket stod stilt, men var i drift dagen etter. Godt skiføre i starten oppover, men avblåst skareføre høgare oppe. Litt nysnø som hadde samla seg i fenner. Var på toppen av Skarkaknuten litt før solnedgang og rant så ned nordover og gjekk opp på Ørnalifjellet. Deretter oppom Stavtjørnknuten i flott månaskin. Halvskya med nordvest vind som stilna om kvelden.