Archive - Date

Archive - Activity

Archive - Geography

Collected lists

Rysstadåsen og Kisteknausen

Date:
28.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h

Ankom Furestøyl-området dagen før for turen til Løefjell og Berefjell . Denne dagen ville eg ta ein lenger tur på sør for Myklevassåni/ Faråni. Det er åpen veg opp til Kvisletoppen hyttefelt som er eit nokså nytt hytteområde med mange fasjonable hytter til salgs. Gjekk forbi Stavtjørn opp til Rysstadåsen. Her var det faktisk god sti oppe på sjølve toppryggen. Blei ikkje klok på kor denne stien kom frå. Det er veg frå Rysstad opp i dalføret sør for Rysstadåsen, så mulig den stien går derfrå hvis den ikkje går frå Kvisletoppen. Det var frosne fotspor i stien og traff også tre stk denne dagen så det virker som ein bra besøkt topp dette sjøl om det ikkje var vardebok. Gjekk så tilbake igjen vestover over Kvævfjødd og ned den bratte sørsida forbi Stemtjørn og opp til Kisteknausen. Litt >>>

Map    

Løefjell og Berefjell

Date:
27.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:15h

Reiste frå eit solfylt Rogaland og Sirdal og over til ein overskya Setesdal og snøfnugg i lufta. Litt av ein nedtur! Det var då meldt fint ver i heile sør-Norge denne helga. Skulle eg få noko ut av dagen kunne eg ikkje forandre turplan heller. Heldigvis gjorde eg ikkje det, for det byrja å klarne opp frå nord. Gjekk frå hyttefeltet på Furestøyl på merka sti opp sørvestsida til Løefjell. Stien følger stort sett straum/ telefonlinja gjennom skogen opp til masta på toppen. Kom til topps akkurat då sola kom fram. Postkassen på toppen var tom for vardebok, men tydeligvis populær topp sidan det var fleire andre der oppe. Det er to jamnhøge topper ca 50 m frå kvarandre. Etterpå gjekk eg nordover forbi Akseltjørn og opp sørvestryggen til Berefjell. Så ned austryggen og opp på >>>

Map