Parkerte ved bommen nedanfor kraftverket, og sykla derfrå ned til Nedre Maudal der eg begynte fotturen. Fulgte traktorveg mot Maudalsbrekka og såg ikkje kor stien tok av. Trudde den var godt skilta. Greit nok å gå opp på austsida av bekkegjelet sjøl om det sikkert er mykje betre å følge stien på vestsida. Kom meg opp på Bjørnaknuten, og gjekk vidare austover. Det er sti langs nordsida av Stølsvatna som eg fulgte eit stykke før eg gjekk mellom vatna og opp vestryggen til Svartevassknuten. Gjekk så ein runde over fleire navnlause topper til Krogeknuten og ned den særs bratte sørvestryggen. På ca 720 moh måtte eg klatre ca 5 hm ned eit brat bekkegjel så vil ikkje anbefale å gå ned her. Vidare greit over 753-toppen og ned til anleggsvegen mellom Myrtjørna og kraftverket.
User comments