Parkerte ved bommen drøyt ½ km før kraftstasjonen. Dei gamle bygningane er revne, og det var forskalingsarbeid i fbm med nybygg. Stod skilt om Adgang forbudt på anleggsvegen opp mot Myrtjørna, men eg "oversåg" det og det var ingen virksomhet langs vegen. Frå den første hårnålssvingen fulgte eg blåmerka sti skilta til Jensastølen. Stien var stedvis veldig fuktig etter mykje regn foregåande 3 dager.
Ved sørenden av Krokavatnet traff eg på eit par så var på dagstur til Jensastølen og skulle tilbake til Maudal. I Fjorungsdalen forlot eg stien og gjekk nokså bratt opp til Litla Kaldavassheia. Fulgte ryggen ned nordvestover og så opp den breie sørsida til Myrfjell.
Etter ein pause på toppen gjekk eg ned på sørsida av ei markant renne/ kløft i sørvestsida. Hadde ikkje oversikt over renna ovanfrå, men det er visst i sjølve renna dei fleste andre har gått. Pga stupbratte skrenter mellom Krokavatnet og Myrfjell er det vanskelig å kunne gå mellom sørryggen av Myrfjell og Reiarsskaret. Vidare greit vestover til Storbakknuten og så bratt ned sørsida til eg kom inn på stien igjen som eg fulgte tilbake til Maudal.
Kommentarer