Sesilåmi (24.03.2012)


Map
Ascents Bergeknuten (1,022m) 24.03.2012
Kvislevassnuten (1,070m) 24.03.2012

Endeleg ein knallflott dag med skyfri himmel da Sesilåmi skulle gå av stabelen. Starten gjekk frå Jarnsverk på ca 670 moh pga mangel på snø på Furestøyl. På vei opp mot Kvislevasskaret sneik eg meg ut av løypa og gjekk oppom Kvislevassnuten som blei mitt høgaste punkt denne dagen. I utforbakken vest for Kvislevasskaret tryna eg hardt med overkroppen og det blei vondt å stake resten av løpet. Ved tjern 883 vest for Sandvatnet tok eg en avstikker vestover og gjekk oppom Bergeknuten. Bar skia en del av tida her utanfor løypa pga hard isete snø. Ikkje mitt favorittføre denne dagen, men god glid var det i alle fall til glede for dei som har fartsteknikken i orden. Kom i mål på Sinnes blandt dei siste på tida 8:06 som er snaut 2t lenger tid enn året før.

Parkeringsplassen på Jarnsverk med Løefjell i bakgrunnen.
Parkeringsplassen på Jarnsverk med Løefjell i bakgrunnen.
Klar til avmarsj.
Klar til avmarsj.
Løypa går over sommarvegen opp Kvislevasskardet nord for Kvislevassnuten.
Løypa går over sommarvegen opp Kvislevasskardet nord for Kvislevassnuten.
Matstasjon på Øyuvsbu.
Matstasjon på Øyuvsbu.
Liten varde på Bergeknuten. Ser aust-nordaustover.
Liten varde på Bergeknuten. Ser aust-nordaustover.
Sørvestover der løypa går i dalsøkka aust og sør for Storeknuten.
Sørvestover der løypa går i dalsøkka aust og sør for Storeknuten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.