Gjekk på god merka, men litt blaut sti frå Sletta over myra Tundra der det visstnok skal ha vore permafrost i tidligare tider. I Hjelmskaret gjekk eg vidare opp til Hjelmkona. Det er eit nedlagt gruveområde ved den litle tjørna nord for Hjelmkona. Vardebok på toppen og fin utskit sørover mot Trollheimen.
Ned igjen til Hjelmskaret og det var skilta mot Hjelmen derfrå så eg trudde det var sti der og, men den såg eg lite til. Det var dog litt varding i bratte partier i nordaustryggen til Hjelmen. Stor varde og bok på toppen. Normalruta går opp i vestsida frå Settemsdal, og sidan Hjelmen er kommunetopp er den tydeligvis godt vitja. Eg gjekk ned igjen i den bratte nordsida. En del ur og mosegrodde sva. Hvis mosen hadde losna frå underlaget hadde eg nok fått ein ufrivillig rutsjetur , men det hadde vore opphald fleire dager og var turt og greit å gå ned der denne dagen.
User comments