Melderskin og Laurdalstindane (13.07.2011)


Map
Ascents Heimste Melderskinn (1,329m) 13.07.2011
Inste Laurdalstind (1,370m) 13.07.2011
Heimste Laurdalstinden (1,307m) 13.07.2011
Melderskin (1,425m) 13.07.2011
Omnetinden (1,376m) 13.07.2011

Gjekk frå parkeringsplassen på Kletta ca to km fra Rosendal. Fulgte grusveg ein halv km før man må gjennom ei grind og så på bratt T-merka sti oppover til Melderskin. Ca ein km fra toppen tok eg av stien for å gå oppom vesttoppen på 1328 m og fulgte derfra eggen til 1426. Var en del folk der oppe denne dagen og vardeboka bevitna også at dette er et populært turmål. Ein del låge skyer dreiv rundt og begrensa utsikten.
I den bratte austsida er det ei renne nedover som eg gjekk eit stykke ned, men måtte gje meg ca 20 hm over ei snøfonn. Det var bratte utsatte sva videre ned som eg ikkje tok sjansen på å gå ned. Det hang rapellfeste her, men eg hadde ikkje med tau. Måtte dermed opp igjen og gjekk nedover nordryggen som var grei å gå. I underkant av 1200 moh dreide eg sørover over en del snøfenner opp mot bandet aust for Melderskin og gjekk egga opp på Omnetinden. Sør for denne toppen er det bratt og litt utsatt klyving ned i skaret nord for Inste Laurdalstind. Herfra på brei rygg opp til Inste Laurdalstind.
Videre sør-vestover mot Heimste Laurdalstind så kom eg til et ca 50 m høgt stup. Måtte dermed gå søraustover et stykke for å omgå fjellveggen i sørsida på bratte grasbakker bortover til eggen mellom Laurdalstindane. Gjekk opp den bratte eggen mot Heimste Laurdalstind så langt det var forsvarlig men kom til noen hamre som eg måtte omgå i sørsida. Ellers greit opp til toppen som har en veldig flott forseggjort varde som visstnok skal vere bygd for få år sidan. Vardeboka her bevitna bare noen få besøk i året.
Herfra gjekk eg den breie ryggen sørvestover. Ryggen smalner gradvis av og det blei enkel klyving over et par småtopper før det for alvor blei bratt nedover. Fra ca 1100 moh gjekk eg nordover og ned i Store Laurdalen og kryssa Laurdalselva på ca 900 moh. Derfra haldt eg same høgde nordvestover en dryg km til eg kom inn på stien til Melderskin ved Skarshaugen. Vel nede på parkeringsplassen igjen kunne eg sjå tilbake på en ganske tung men flott dagstur og brukte 12,5 t i moderat tempo og gode pauser på toppane.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.