Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (163)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Yosemite 2/2: Half Dome ad Snake Dike
- Date:
- 01.05.2015
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 15:00h
- Distance:
- 22.0km
Forventningar
Kvar var kaffien? Der eg stod midt på golvet på deli’en i Yosemite village slo det meg at noko var feil. Det var ikkje likt meg å ikkje finne kaffien. Royal Arches dagen før hadde nok sparka frå seg sterkare enn eg trudde på energilageret – det var for så vidt greitt nok. Men den underliggande uroa gjekk mot noko anna: eg og Andreas skulle klatre El Capitan om 6 dagar, med overnatting og det heile. Ruta West Face skulle vere mogleg og gjennomføre på 2 døgn. Det var berre det at det var så innmari høgt. Andreas er psykolog med forkjærligheit for eksponeringsterapi, men eg var urolig allikavel.
Eg prøvde å ikkje tenke på dette dei komande dagane. Eg henta Kona som kom med toget tysdag, og vi flytta inn i eit lerretshus i Houskeeping Camp. Dette viste seg å vere >>>
Sunnmørsk bestigning av Black Dike, New Hampshire.
- Date:
- 06.02.2015
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 7:00h
Denne rapporten vart orginalt publisert på Nordmøre og Oppdal sin største alpinblogg Alpinist.no. Men sidan den har vore nede ganske lenge no så trykker eg den også opp her, til glede for peakbook sine lesarar .
Då eg fekk spørsmål om eg ville skrive eit innlegg på Alpinist.no var det to problem som raskt kom til syne. Det første var at eg er ein middelmåtig buldrar som nett har rista av meg høgdeskrekka, lært meg åttetalsknuten, og krafsa meg opp min første WI4. Det andre var at eg om dagen bur i Boston, New England, eit åskledd skoglandskap der alpinklatring definerast som klatring i dårlig vær. Korleis skulle dette finne sin plass mellom Tågbekken, Haisommer, Trollatraversen o.s.b. utan at eg skulle miste fullstendig andlet?
Ettersom årets isklatresesong framskreid med overraskande >>>
School of trad gruppearbeid: Lakeview
- Date:
- 28.09.2014
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 10:00h
Denne søndagen hadde vi tenkt å cragge litt i nærområdet til Boston. Værmeldingane var nydelige, og sidan eg hadde nytta veka til å ruse meg opp på The American Alpine Journal 2013, hadde tankane mine byrja og vandre nordover. Medan vi sulla oss heim frå ein god middag laurdags kveld sette eg inn støtet: kva om vi dreg på Cannon heller enn å cragge? Kona sa "Ja, det gjer vi!" Eg hadde ruta Lakeview (5.6, 8tl) i tankane.
Spørsmålet var om min kollega Pontus, som vi hadde avtalt å cragge med, var interessert. Han er rimelig ny til klatresporten, men har vist seg sporty og ikkje heilt utan talent. Han var med!
Så dette vart jo som eit gruppearbeid på School of Trad (S.O.T), med vekselleding og føring av nybyrjar. Gruppearbeid høyrer jo til på ein skule.
Relativt alpin >>>
Tentamen på school of trad: Whitney-Gilman Ridge
- Date:
- 07.09.2014
- Characteristic:
- Alpine climbing
Etter å ha tatt nokre helgekurs på den noko uformelle School of Trad var det på tide å gå opp til tentamen. Oppgåveteksten var som følger: lede den klassiske Whitney-Gilman Ridge (II 5.7 5tl) på Cannon Cliff. Kona melde seg som sensor, og vi var klare til avmarsj.
Vi var fire stykker i bilen. 1) Den lokale trad-nissen Kevin, som i stoisk ro inntok ein slags Old Man on the Mountain-positur i baksetet. 2) Daniel, ein trivelig og klatreivrig kar frå Ålesund/Trondheim, som vi gikk oss på utanfor klatregymmen for halvannan veke sidan (!!), 3) Kona, og 4) Meg.
Alpin start frå Boston kl. 6 med ein slags tanke om at vi skulle vere først på ruta. Ankomst parkeringsplassen kl. 8:30, og ved innsteget kl. 09:30 i crispy haustvær. Alas, det var mange som skulle opp til tentamen denne dagen, og det aula allereide >>>
School of trad 3: Cannon Cliff
- Date:
- 09.08.2014
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 9:00h
School of trad del 3: alpin/større vegg. Cannon Cliff er "the tallest and most respected cliff in New England" , ein 2km lang granittvegg broten opp av eroderte renner. Innimellom her finn ein flott steinkvalitet, samt mykje rot.
Eg har endelig byrja å innynde meg hjå lokale klatrerar, så vi var ein heil gjeng som køyrde til Cannon denne morgonen. Her vart det mykje nytt for ei enkel buldre-sjel. Det var berre å lære seg teknikkar som rissklatring, finger og handjamming, diederklatring, pendeltravers (!!), offwidth og hengande standplass. Det var ikkje så mykje leding på meg denne dagen, ei 5.6 og ei 5.7-taulengde. Men, ein flott dag der vi stort sett hang i veggen frå 9 til 5.
S&D:
Moby Grape, 5.8 8tl, første tre gått denne dagen.
Vertigo, 5.9 4tl.
Ingen tvil om at man skal tilbake til Cannon!
Longs Peak ad Kiener's Route
- Date:
- 19.07.2014
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 10:00h
- Distance:
- 18.0km
Tida var komen for Colorado-ferien sitt høgdepunkt: Longs Peak ad Kiener's Route. Meir info om Kiener kan ein finne her . Kort sagt: Long's Peak er den nordligaste av 14K-footerane i Colorado, og eit ynda mål for turistar som vil bli truffe av lyn eller fryse ihjel. Longs Peak-området er også den alpine leikegrinda for klatrarane i Boulder-området, med mange alpine ruter, samt ein nydelig stor vegg (The Diamond) som byr på fleire dritharde klatreruter i over 4000 meters høgde. Ein kan bli gåen av mindre.
Kiener's route går opp ei snørenne (Lamb's Slide, 40-50gr helling, ca 200 høgdemeter?), bortover ei den tider tynne og eksponert hylla Broadway, opp ei lang og rimelig enkel taulengde, diverse høgdemeter med noko teknisk men morsom klyving, før den rundar av rett over Diamanten, og >>>
Brytekamp med Storen
- Date:
- 07.09.2013
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 19:00h
Andreas og Solveig inviterte til tur på Storen. Storen? Eg som hadde høgdeskrekk og null klatreerfaring? JA! Det var glimrande meldingar då vi la i veg frå Turtagrø 05:00. Då vi kom til Bandet klokka 8 var det delvis overskya, og vi følte dette gikk glimrande. Opp mot svaa hadde vi fått eit einaste råd: hold mot venstre. Og det gjorde vi sjølvsagt ikkje. Samstundes kom skodda, og alt vart glatt. Vi kom for langt ut til høgre, og måtte sikre oss opp nokre dieder og sva. Tida gikk, og vi var ikkje på hjørnet før om lag klokka 13. Her skulle det klatrast! Alt var glatt, men i det minste visste vi no kvar vi skulle. Bortover galleria gikk det fint. Her var det å fokusere fullt på arbeidsoppgåvene, og då har ein ikkje anledning til å tenke på høgda. Dette kallar eg kognitiv sjølvmedisinering! >>>