Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (163)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Skagastølsryggen
- Date:
- 26.07.2019
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 24:00h
- Distance:
- 18.0km
Innledning
(bablealarm - hopp til neste kapittel om du berre er interessert i turen)
Småbarnsperioden er eit Sahara i det Afrika som er sjølvrealisering. No vil kanskje mange lesarar – og kanskje særlig dei som er i sine fjellfulle før-familie-år, seie at eg kan takke meg sjølv. Ja, det kan eg. Men no er det ein gong slik at ein i tillegg til fjelldrift har både kjønnsdrift og forplantningsdrift, og at desse før eller sidan vil kome i konflikt med kvarandre. For fleirtalet vinn dei to siste, sjølv om det finnast hederlige unntak. Dessutan har Erna sagt at ein treng fleire ungar her på berget, så her er det berre å step it up.
Vel vel, nok av denne blandinga av sjølvmedlidenheit og sjølvrettferdigheit. Den som har vandra gjennom ørkenen ei stund veit at der også finnast oasar. >>>
Joikastemning på Snøhetta-traversen
- Date:
- 29.07.2017
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 7:00h
- Distance:
- 16.0km
Først ei lita omgrepsavklaring: Joika er eit uttrykk som i klatrekrinsar blir brukt for koseklatring. Ein kan vere joika - ein person som vil kose seg på klatring. Og ein kan ha joikastemning - enkel klatring som berre gir god stemning. Dette er i utgangspunktet positivt, men det kan ha ein nedsetjande undertone om klatrarar som berre vil ha kos og aldri utfordring. Som når kaffipausa og kassegitaren går på bekostning av prestasjonane i veggen. Vel vel, i denne samanhengen er joikaomgrepet berre positivt: dette var ein veldig koselig tur!
Denne helga hadde plutselig både eg, erlando (Erlend Hassel) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) halvannan dag ledig. Det er tida ein treng for å kome seg rundt Snøhettatraversen og framleis ha litt marginar.
Vi køyrde til Hjerkinn fredag kveld, og etter ein tur på Viewpoint Snøhetta sette vi opp lavvoen >>>
Sist men ikkje minst (300m 5), Kårnyken sørveggen
- Date:
- 13.07.2017
- Characteristic:
- Alpine climbing
Eg har lenge tenkt på om sørveggen på Kårnyken kunne vere klatrebar. Den er veldig flott, men steinkvalitet og sikringsmoglegheiter er alltid eit spørsmål.
Denne sommaren hadde eg avtalt med Arve Stavø at vi skulle sjekke ut veggen. Tid og vær gjorde at vi stod i Ålfoten 10:30 i dag, med skiftande vær og regn i lufta. Dottera til Arve, Tuva (17), var også med og var gira på å teste alpinklatreskillza.
Vi hadde uansett ikkje ambisjonar om dei tøffaste linjene i dag, og tenkte at vi heller fekk rekognosere litt. For å ha ein sjangs om å nå toppen valde vi formasjonen lengst til venstre i veggen. Den var kortare enn resten av veggen (men desto lenger anmarsj), og såg ut til å ha like artig klatring.
Heldigvis var skogsvegen god å køyre langt opp, så vi sparte ein god del anmarsj. >>>
Ein midtsommardraum på Sørøst-hjørnet
- Date:
- 24.06.2017
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 14:00h
Etter ein travel vår med mykje jobb for heile familien vart det denne helga brøyta plass til klatrehelg! Etter litt om og men og sondering av omgangskrinsen av opptekne småbarnsfedre slo Pål Christian til på ein tur til Innerdalen. Etter særs ustadige værmeldingar landa vi på laurdagstur på ultraklassikaren Sørøst-Hjørnet på Skarfjell.
Vi ankom Dalen parkering fredag kveld klokka 22, fylte sekkane med det aller mest nødvendige + litt til (for eksempel to tubar tannkrem!), og la i veg mot Giklingedalshytta. Skodda hang tungt over Innerdalen, og luftfuktigheta var særs høg, for å seie det slik. Men meldingane for morgondagen var supre, så humøret var godt.
Då vi kom opp mot Giklingedalen klarna det opp, og morgendagens turmål stod svært klart for oss! Som nyslått Klub-medlem >>>
Endelig Sunndalsis: Vårløysinga WI4 250m
- Date:
- 12.03.2017
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 11:00h
Isklatreføraren for Oppdal og Sunndal har lenge vore vel utslitt heime hjå oss - ikkje fordi eg har klatra så mange av rutene i den, men fordi eg har lest og drøymt så mykje om Sunndalen. Oppdal er fint, men Sunndalen er Go Large! Spenninga var difor stor når eg denne helga fekk med meg Pål Christian på klatrehelg til Nordmøre!
Då vi køyrde gjennom dalen vart det klart at Sunndalen ikkje berre er Go Large - det er GO LARGE!!! Eg har ikkje vore her sidan eg byrja å klatre is, men dette er jo som to Yosemite stabla på toppen av kvarandre! Den ferske kuldeperioden hadde ført til isdanning over alt, men vårsola hadde stort sett tatt knekken på alt solvendt, og kraftig påverka det som låg i skuggen. Så då vi køyrde gjennom Dalen søndag morgon trudde eg eigentlig vi kom til å >>>
Midtvinters på Kongsvollfossen
- Date:
- 15.01.2017
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 8:30h
Det var på tide å få hakke litt is igjen. Etter litt sondering i omgangskretsen fikk eg napp hjå Morten Tvedt, som har flunkande ferskt isklatreutstyr. Han hadde klatra nokon gongar i fjord, men beskreiv seg ellers som nybyrjar. Kongsvollfossen hadde han hatt lyst å klatre lenge, så det måtte det jo bli ei ordning med!
Etter å ha køyrt oss vill i vegvesenet sine omkøyringsmoglegheiter på E6’en var vi endelig på veg ut av byen litt før 7, og klar på parkeringa 2 timar etter. Det var overraskande lite snø i Drivdalen, så skredfaren skulle ikkje vere eit problem. Fossen hang flott oppe i fjellsida, og alle hjerter gleda seg!
Termometeret viste 7 blå, og ein sur vind gjorde det reint friskt på parkeringa. Eg pakka innleggssålar i dei nye isklatreskoa mine for å vere sikker på >>>
Isklatring sesongstart på Kongsvollfossen
- Date:
- 06.11.2016
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 5:00h
Sesongstart på is opp Kongsvollfossen. Pål Christian var med, og hadde sin andre dag på is, med splitter nye himalayastøvlar og nomics. Det var -13 på parkeringa, men ingen fare for at man skulle fryse på beina, for å seie det slik. 3 andre taulag var i gang, men det gikk fint oppover. Dei to første var omtrent toppa ut, og vi klatra parallelt med nokre svenskar som hadde gjort moldensarar av seg.
Trivelig stemning, sol, flott utsikt, og effektivt arbeid opp isen.
Og ikkje minst slapp vi å finne vegen ned sjølv.
På Oppdal vart det rømegraut og biffsnadder.
Romsdalsraid dag 1: Sydpillaren på Mongejura
- Date:
- 03.06.2016
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 19:00h
Eg hadde tenkt å starte denne rapporten med ei vittigheit om at for sunnmøringen er ikkje Romsdalen anna enn ein stopp for å kjøpe is ved Trollveggen på veg til Oslo. Men det er ikkje heilt sant, det går ei anna linje her. Då eg var liten var Magnar Osnes lokalhelt og fjellklatrar i Ulsteinvik. Og for Kristian 5 år var det berre to stader ein klatra i fjellet; det var på Mount Everest og i Trollveggen (det er meg ukjent om Osnes har klatra Trollveggen, men skal ein følgje dette resonnementet må han altså ha gjort det sidan dette er einaste staden å øve seg til Mount Everest).
Sidan den tid har Trollveggen endra seg til eit ståande grustak, og eg har heldigvis oppdaga at det er andre fjell som kan klatrast. Etter å ha tatt Mongejura i auge for ein måneds tid sidan, med bitre >>>
Tøftfossen
- Date:
- 31.01.2016
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 6:00h
Det er vanskelig å konsentrere seg om søknadskriving på jobb når tankane ligg att i eit bratt juv i Drivdalen. Skitt la gå - eg må nytte min akademiske fridom til noko. Eg skriv turrapport.
Med fersk familieauke har det ikkje vorte så mykje isklatring denne sesongen, men denne søndagen fikk eg og Andreas troppa saman ein liten ekspedisjon til Drivdalen superklassikar Tøftfossen (150m, Wi4).
Det vart alpin start frå Trondheim klokka 6. Til vår forskrekkelse oppdaga vi at bensinstasjonane langs E6'en ikkje hadde opna (=ingen kaffi). Ein kan lengte tilbake til New Hampshire av mindre.
Men dette gjorde at vi var nokolunde raskt på plass ved Drivstua (etter den obligatoriske svippturen oppom Dovre etter å ha køyrt forbi målet). Termometeret viste -6, og det vart varmt opp gjennom småskogen. >>>
Huntington Ravine - Ice climbing season is NOT on.
- Date:
- 22.11.2015
- Characteristic:
- Alpine climbing