Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (168)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (45)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Ytre Sula
- Date:
- 31.03.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 10.0km
Med pregnant kone og toåring i hus har det vore bypåske dette året. Men i dag skulle eg lufte meg litt, så eg og Andreas byrja straks og legge planar. Ytre Sula skal jo vere eit så fint skifjell, og dessutan ein skikkelig signaltopp som synest frå både her og der. Vi går for den!
Arve vart også med frå Trondheim. Olav, som var på påskeferie på Nesset, hoppa også i bilen. Han møtte vi på parkeringa ved forsamlingshuset. Vi såg kjapt på eit skilt som advarte mot dårlig føre for piggfrie tohjulsdrifta bilar, før vi føysa det vekk. Haha, det gjeld jo ikkje våre piggfrie tohjulsdrifta bilar!
Andreas hadde god fart på volvoen oppover bakkane, med meg hakk i hæl. Så når han stoppa i siste bakken var det ikkje anna å gjere enn å stoppe sjølv også. Vi prøvde oss på diverse >>>
Elgsethytta via gaupeterreng på Klefstadmyra
- Date:
- 10.03.2018
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 3:00h
- Distance:
- 10.0km
Ilfjellet walkabout
- Date:
- 04.03.2018
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 20.0km
Nyttårstur i Bymarka
- Date:
- 01.01.2018
- Characteristic:
- Ski trip
Kona måtte på jobb i dag, så det betydde både at det ikkje vart heidundrande fest i går (sic!) og at eg og junior hadde ein del tid å slå ihjel i tosomheit i dag. Då toåringen byrja å mase om ski allerede klokka halv 10 var det klart at vi berre fekk pakke oss i bilen og kome oss avgårde.
Nesten tom parkeringsplass og nydelig vær. Eg beholdt kortfellane på tur/retur i dag, ingen grunn til å opparbeide seg fart. På Elgsethytta var det nesten ikkje folk, og vaflene og sjokomelka smaka uovertruffent! På veg tilbake vart det testing av skia, sjåing på snøskuter og andre morsome aktivitetar!
Ruten
- Date:
- 28.12.2017
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 4:00h
- Distance:
- 10.5km
Eg og Andreas køyrde til Ruten i tru på at den var dekka av pudder. Det var den aldeles ikkje - stor sett heile saken var dekt av hard eller vindpåverka snø - med unntak av den fine skogskøyringa på slutten. På parkeringa var det 13 blå og kaldt som pesten ved avmarsj. Men utsikta på Ruten - den kan ingen krangle på! Fin fjelltur på fint fjell med avgrensa skiverdi.
Snuoperasjon på Sandhornet
- Date:
- 26.12.2017
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 7.0km
Juleferien på Sunnmøre nerma seg slutten, og det byrja å haste om det skulle bli noko skikkelig fjelltur. Meldingane var så-som-så, men optimist som ein er må ein jo alltids prøve seg. Eg og Olav peika oss ut Sandhornet - ein skredsikker og moderat Ørsta-topp, som turmål. Kroksleiven betakka seg, og henviste til meldingar om snøfokk. Framsynt han der Kroksleiven.
Det bles friskt før vi dukka ned i Eiksundtunellen, men på andre sida var det meget bedre. Vegen opp til parkerina var ikkje brøyta, så vi parkerte ved Brekke og traska på skia oppover grusvegen. Eg var ikkje sikker på kvar vinteroppfarten gikk, så vi enda opp med å følge stien mot Nakken. Her var det skibæring på oppmurte trapper gjennom granplantefelta - fin sti, men vinterveg var det ikkje.
På Brekkesætra vart >>>
Kvitegga
- Date:
- 14.04.2017
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 6:00h
Påska er tida for store og små skiturar. Denne påska var prega av lite snø og svært varierande vær, men ein del små skiturar vart det jo anledning til. Men for kvar vesle familieskitur vart behovet for ein stor skitur meir og meir påtrengande. Til slutt beordra Kona meg ut på tur. Det ville gjere underverker for humøret, meinte ho.
Fredag var det pansermeldingar, og eg hadde sett at mine gamle bekjente frå Bergen, Knut og Kristin, var i området. Etter litt planlegging vart vi einige om at Kvitegga var eit flott turmål. Det er lite å utsetje på Kvitegga på ein slik påskedag: pirrande primærfaktor, Sunmørsalpane sitt høgste punkt, upåklagelig utsikt, og ein svært lang oppoverbakke (ja, slik har det blitt - oppoverbakken er viktigare enn nedoverbakken).
Eg spurte Kroksleiven >>>