Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Castle Rock

Date:
14.07.2014
Characteristic:
Climbing

Ein topp er ein topp er ein topp. Sjølv om den er ein stor pinakkel nede i ein dal. Og når dette i tillegg vert min høgste klatretopp gjer det strengt tatt ingen ting at parkeringsplassen ligg 60 meter under toppunktet, med hovedvegen like ved. Men i alle fall. Castle Rock er av dei siste klatreområda ein køyrer forbi på I119 frå Boulder til Nederland. Det er også eit klassisk crag i Boulder si klatrehistorie. Ein gong var verdas hardaste tradrute etablert på Castle Rock. Vi var ikkje på Castle Rock fordi vi skulle etablere verdas hardaste trad-rute. Vi var der fordi den alpine starten vår på ei mykje lenger rute på eit anna crag hadde blitt forpurra då vi ved innsteget oppdaga at turledar (meg) hadde gløymt vatnet på motellet. Vi henta vatnet og stakk til Castle Rock for å få >>>

Map    

Med kjentmann til Eldorado Canyon

Date:
12.07.2014
Map    

Uttesting av høgdeeigenskaper på Arapaho Peaks

Date:
10.07.2014
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
9:00h

I New England er det som kjent ikkje fjell. Men i Colorado er det visst nok fjell, så årets sommarferie er to veker i klatre og fjell-mækkaet Boulder. Første dag i Boulder ville vi teste trad-eigenskapane. Kona var keen på meir leding, så etter konsultering med ein lokal trad-nisse byrja vi opp ei enkel tolengders rute på Castle Rock. Kona leda djervt opp ei kort førstelengde, før eg kjekt hadde sett meg ut eit frekt utspring lenger oppe. Men utspringet var altfor frekt, og eg havna fullstendig av ruta, runout med ein fotballstor laus stein i fanget. Eg fekk satt ei sikring, pendla meg over til trygg grunn, og tatt opp kona. Men vi hadde ikkje kome halvvegs opp denne enkle nybyrjar-ruta, og her på standplassen (som forøvrig var meget pen, dagens høgdepunkt) byrja det å samle seg tordenbyger. >>>

Map     2 comments

Trad-o-rama i The Gunks

Date:
20.06.2014
Characteristic:
Climbing

Gunks er jo innmari artig. Denne helga fikk vi besøk av Tore og Signe, og snakka dei inn i klatring på denne trad-fornøyelsesparken. Tre dagar med stas og kos i veggen! Sist vi var her så var eg ny for trad-kunsten, så då holdt vi oss på 5.2-3 talet. Denne gongen susa vi opp den eine 5.7en etter den andre. Det er framleis meir å gå på, for alt gikk på første forsøk, men det første ledfallet er framleis noko eg ser fram til med noko uro. Denne helga holdt vi oss innafor, og alle fire var i den skarpe enden av tauet ila. helga. Signe kjøpte seg endatil sitt eige trad-rack og har tenkt å herje dei sørlandske hammarane i åra framover. Tick liste: Horseman 5.5 Rhododendron 5.6 Nice crack climb 5.7 Katzenjammer 5.7 Laurel 5.7 Handy Andy 5.7R Ken's Crack 5.7+

Map    

Mount Moosilauke

Date:
15.06.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
12.0km

Tur til nok ein appalachisk tind. Ingen ting å melde.

Map    

Rumney

Date:
01.06.2014

Herrrrlig dag i Rumney, perfekt temp, ikkje altfor mykje mygg, men diverre ingen foerar. Varma opp pa ZigZag Crack som kanskje er den finaste V1 i USA, eller i verden, eller i universet¿¿¿¿¿?????? og gikk sa fleire lette og moderate pene bulder. Utebuldreforma er ikkje heilt tippetitopp, men det kjem. Meget pen buldring med norsk stil. Sa rota vi oss vekk i klatreklippene, og utan guidebok vart problema noko harde (til frustrasjon for Kona, som ville sende. Sjolv var eg ganske nogd nar forste ruta eg provde pa var 5.10a. Etterpa vart det meget god mat og ol pa kafeen som ligg midt i krysset i Rumney (krysset der ein svingar av Buffalo Road), berre sa det er sagt. Ticks buldring: Zig Zag Crack V1 onsight Left train track V1 onsight Cilley Flakes V1 onsight Rikochet V3 4-5 forsok Firestarter V3 >>>

Map    

Crow hill

Date:
31.05.2014
Map    

Mount Agamenticus

Date:
26.05.2014
Map    

School of trad 2: Pawtuckaway State Park

Date:
11.05.2014
Characteristic:
Climbing
Map    

Franconia Ridge og Mt. Lafayette

Date:
03.05.2014

I dag kom eg meg så vidt over tregrensa, for første gong hittil i amerikaoppholdet mitt. Valet fall på den populære turen til New Hampshire sitt 6. høgste fjell Mt. Lafayette via delar av Franconia Ridge. Enkelte kallar denne ryggen spektakulær. Andre har problemer med å kalle noko som heldst i Appalachiane spektakulært. Vi gikk frå trailhead parking ved 93'en opp god sti gjennom skogen. Vi valde Falling Water Trail, som går til fortoppen Little Haystack Mountain, som igjen gir ein kilometer eller to med rusling på ryggen før ein kjem til sjølve Mt. Lafayette. Stien var full av hardpakka snø, så det er tydelig at dette er ein populær tur også om vinteren. Vi tok stort sett igjen folk i bakkane. Amerikanske fjellgåarar kan laust delast opp i dei svært velutstyrte (walking sticks, >>>

Map