Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (163)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Cannon&Cathedral
- Date:
- 13.06.2015
- Characteristic:
- Climbing
Maur i baken! Eg må ut! Tenke planlegge ringe. Trad-helg i New Hampshire! Phil er alltid gira på klatring, og sa seg villig til både å vise meg nokon klassiske ruter på indrefileten Cathedral Ledge, samt tilby overnatting i nærmiljøet.
Det byrja jo også å bli sesong på ytrefileten Cannon Cliff også! Cannon er kort fortalt ei stor granittklippe der granittlaga skalar av som solbrendt hud på nordmenn i syden. Det vil seie at den ikkje er trygg før langt ut på forsommaren, når lausgodset frå vinter og vårsmelting har rasa frå seg. Laurdagen gjekk til Cannon!
Diverre hadde det vore eit heftig regnskyll dagen før, så det rann middels store bekkar gjennom ein del av planane våre. Vi byrja difor på Duet Direct (5.10+), ein totaulengder som Phil hadde sikla på lenge. Eg tok førstelengda >>>
Kancamagus Crags
- Date:
- 06.06.2015
Nydelig dag på "The Kanc", eit av New Hampshire sine gløymde juvelar. Dan og Phil støta hard sport på 5.12-talet, medan eg var fast bestemt på å bryte 5.9-forbannelsen min på kilar gjennom bestigning av Vultures (5.10d). Dette er noko av den flottaste klatringa eg har gjort, 10 meter med tekniske flyt på små lister og kantar, sikra i eit nydelig riss (som var for smalt til å få inn nokon fingrar) med små kammar og ballnuts. Artig! Etter ein god del forsøk (takk til kona som stod i ein sverm av blodsugande insekt halve dagen og sikra) gikk det endelig gjennom nokre desperate moves forbi siste crux-seksjon. Sendinga var eit faktum! Og då var forbannelsen sannelig broten: seinare på dag gjekk eg min andre 5.10 på kilar, og det som flash. Oh yeah!
Mount Monadnock
- Date:
- 24.05.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 14.5km
Våren har kome for fullt i New England. På slike dagar kan ein ikkje henge svett i ei klippe som offer for alslags blodsugande utøy. Med sjokkerande få peakbookelement registrert hittil i år var det på tide å kome seg på fjellet!
Men så var det å finne fjell då. Vi hadde sett noko som likna sist gong vi besteig ein Massachusettsk ås. Det viste seg å vere Mount Monadnock , visst nok verdas mest besøkte fjell (det er jo alltid noko). Men fjellet såg fint ut det, og vi bestemte oss for å gå dit.
For å unngå folkemengdene og for å få ein litt lenger tur satsa vi på Pumpelly Trail. Det skulle vere 9 miles t/r, og såg ut til å følge ei pen egg. Det var ikkje mykje folk, og særs behaglig temperatur. Etter kvart som vi kom opp på egga var det av det bedre vi har opplevd i New England. Fjellgåing >>>
Yosemite 2/2: Half Dome ad Snake Dike
- Date:
- 01.05.2015
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 15:00h
- Distance:
- 22.0km
Forventningar
Kvar var kaffien? Der eg stod midt på golvet på deli’en i Yosemite village slo det meg at noko var feil. Det var ikkje likt meg å ikkje finne kaffien. Royal Arches dagen før hadde nok sparka frå seg sterkare enn eg trudde på energilageret – det var for så vidt greitt nok. Men den underliggande uroa gjekk mot noko anna: eg og Andreas skulle klatre El Capitan om 6 dagar, med overnatting og det heile. Ruta West Face skulle vere mogleg og gjennomføre på 2 døgn. Det var berre det at det var så innmari høgt. Andreas er psykolog med forkjærligheit for eksponeringsterapi, men eg var urolig allikavel.
Eg prøvde å ikkje tenke på dette dei komande dagane. Eg henta Kona som kom med toget tysdag, og vi flytta inn i eit lerretshus i Houskeeping Camp. Dette viste seg å vere >>>
Yosemite 1/2: Royal arches
- Date:
- 27.04.2015
- Characteristic:
- Climbing
- Duration:
- 13:00h
Yosemite Valley; for ein kvar klatrar er dette som Mekka og Medina for gode muslimar. Granittveggane står opp mot 1000 meter på kvar side av den flate dalbotnen, og delikate sprekksystem skyt oppetter stupa. Så mykje av moderne klatresport har vorte utforma her, så det var berre sjølvsagt at dei siste to månedane har gått med til trening og drøyming om årets store klatreferie. Vi skulle tilbringe halvannan veke i Yosemite saman med Andreas og Solveig. Kjære lesar – du ventar vel på ei gullrekke av dristige bestigningar? Vil dette bli fuglen fønix ut or asken, i flott flukt gjennom de høyre sfærer? Eller blir det luftskipet Hindenburg? Kva kan gå feil når forventingane er så skrudd til?
Eg landa i San Fransisco fredag kveld, heiv klatrestæsjet i leigebilen, og køyrde inn >>>
Rumney
- Date:
- 11.04.2015
- Characteristic:
- Sport climbing
Temperaturen snik seg oppover i New England, og vi fyllte bilen med folk (Meg, Kona, Dan, Drew) og stakk til Rumney i håp om å finne tørr stein. Phil hadde skada skuldra, men han møtte opp som hangaround. Meldingane sa 15 grader og sol, men litt skuffa køyrde vi inn i overskya, 5 grader og vind. Likevel var det mange bilar på parkeringa og kødanning på dei få rutene som var tørre. Urgh. Etter litt leiting fann vi likevel tørr stein utan alt for mykje trengsel. Sola kom også fram, og etterkvart vart det riktig så koselig. Høgdepunktet på dagen for min del var onsight av klassikaren Romancing the Stone (5.10c). Eg og Dan prøvde også på Whip Tide (5.12b) men alle illusjonar av god form vart knust i dei steinharde fullkroppsavstivingane. Og det var jo også voldsomt kor langt det var mellom slyngene på denne >>>
Sesongstart stein på Rumney
- Date:
- 21.03.2015
- Characteristic:
- Climbing
As both ice and my eagerness for ice gave way for rock we this saturday tried to find a dry place for rock climbing. The forecast said showers and just above freezing, so that meant perfect conditions for something steep. As Rumney is the go-to-place for steep climbing, Phil persuaded me into checking out the famous Waimea -wall at Rumney.
Rumney is the biggest and most famous sport-climbing crag in New England, and even though it is pretty huge, it is very crowded on a warm spring day. This saturday, however, did not count as a warm spring day. I met Phil and his friend Scott on an emtpy Rumney parkinglot. It was still around freezing when we started warming up, and as the sun started to shine, the ice lines at rumney started falling down around us.
We first did two short and pretty bouldery lines, >>>
Finalehelg isklatring: something good and something bad
- Date:
- 07.03.2015
- Characteristic:
- Ice climbing
Denne isklatresesongen har virkelig vore ein opptur. Den byrja med eit sprang frå redd WI3-klatring i fjord til sjølvsikker WI4-klatring frå første dag i år. I tillegg så er desse klimaendringane årsak til mykje rart, mellom anna iskalde New England-vintrar, så isen har vore knallbra. Difor har det vorte mange helgar i bilen på veg til New Hampshire. No var det nett så vi byrja å bli litt metta, og vi beslutta å ta denne helga som sesongavslutning. Sidan vi etter planen er tilbake i Noreg neste vinter så var dette også kanskje siste sjangse til å ticke av nokon lokale klassikarar. Vi sette turen mot det mest berømte iscragget i New England, Frankenstein.
Sendevind
Været var behagelig: eit par minus. Men sola har byrja å ta godt, og mange soleksponerte isar hadde byrja å sjå >>>