Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (166)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Snillfjord: Gråurda
- Date:
- 29.01.2017
- Distance:
- 12.1km
Det er berre og selge isklatreutstyret med det same. Det blir ikkje is lenger i norge. Det grøne skiftet - kvitt til grønt, er i full gang. Kulturministeren lanserar kunstsnø som det neste store miljøtiltaket.
Kva skal ein gjere på slike januardagar der kvikksølvet dansar langt over frysepunktet? Man kan jo ta seg ein kystnær fjelltur så klart. Gråurda har eg jo tenkt på ei stund. Det er så fint og springe ute på dei slette kystfjella. For sikkerheits skuld tok eg med fjellskia, og sannelig såg det ikkje ut som det låg ein del snø i høgda.
Eg tok skia i handa det første stykket, og spente dei på når eg kom litt oppi dalen. Her var det svært flekkvis og knallhardt føre. Fellane, som var kjøpt på Straumane Sport i 1996, og sist brukt lenge før Bush Jr. rykka inn i kontora, >>>
Motbakketrening på Vassfjellet
- Date:
- 17.01.2017
- Duration:
- 1:12h
- Distance:
- 5.2km
Heiv på meg randoskia og fellane for å få litt trim medan junior er på barnehagetesting. Tanken var å gå opp skisenteret og derifrå til toppen. Dette gikk bra til toppen av skisenteret. Her var det surt, skodde og generelt lite farbart vidare. Snudde nedatt og heldt på å tryne i den grøne løypa. Slalåm-teknikken må nok oppfriskast igjen.
Midtvinters på Kongsvollfossen
- Date:
- 15.01.2017
- Characteristic:
- Alpine climbing
- Duration:
- 8:30h
Det var på tide å få hakke litt is igjen. Etter litt sondering i omgangskretsen fikk eg napp hjå Morten Tvedt, som har flunkande ferskt isklatreutstyr. Han hadde klatra nokon gongar i fjord, men beskreiv seg ellers som nybyrjar. Kongsvollfossen hadde han hatt lyst å klatre lenge, så det måtte det jo bli ei ordning med!
Etter å ha køyrt oss vill i vegvesenet sine omkøyringsmoglegheiter på E6’en var vi endelig på veg ut av byen litt før 7, og klar på parkeringa 2 timar etter. Det var overraskande lite snø i Drivdalen, så skredfaren skulle ikkje vere eit problem. Fossen hang flott oppe i fjellsida, og alle hjerter gleda seg!
Termometeret viste 7 blå, og ein sur vind gjorde det reint friskt på parkeringa. Eg pakka innleggssålar i dei nye isklatreskoa mine for å vere sikker på >>>
Pulktur til Elgsethytta
- Date:
- 14.01.2017
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 7.0km
Pulktur til Elgsethytta
- Date:
- 07.01.2017
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 7.0km
Kveldspudder på Gråkallen
- Date:
- 02.01.2017
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 1:27h
- Distance:
- 3.8km
Kveldsjogg på Geitfjellet
- Date:
- 01.01.2017
- Characteristic:
- Jogging
- Duration:
- 2:04h
- Distance:
- 16.4km
Blåtinden og Haddalhornet
- Date:
- 28.12.2016
- Characteristic:
- Jogging
- Duration:
- 1:36h
- Distance:
- 8.0km
På den første dagen i jula som hadde nokolunde anstendig vær tok eg beina fatt mot nok ein listetopp på Hareid/Ulstein-lista, nemlig Haddalhornet. Sidan det hadde vorte litt lite aktivitet dei siste dagane kunne eg like godt ta turen oppom Blåtind også.
Eg parkerte ved "Reveskuret", og gjekk for direkteversjonen rett opp raset. Første gong eg gjekk opp her hadde eg ikkje fylt 5 år enda. Bratt nok, syntest min juleribbemarinerte kropp i dag.
Mot toppen tiltok vinden, og ved varden var det riktig så stivt. To kjæringar dukka brått opp frå bak varden medan eg skreiv meg inn i boka. Dei hadde nok med å fote seg.
Frå Blåtinden sprang eg mot skaret mot Haddalhornet. Nedover her var det riktig så fint terreng og flott usikt. Ein står midt mellom Vartdalsfjorden, Ørstafjorden, >>>
Røyrafjellet
- Date:
- 27.12.2016
Urd og anna styggedom herja juleferien, men man må jo kome seg ut. Kanskje vi kan jobbe litt på Hareid/Ulstein-lista, foreslo Eskil. Ja, det kan vi gjere. Eg fekk med nevøen min Christopher, og Bosse (hund) på ekspedisjon.
Turen gjekk utan dei større begivenheitene. Av dei mindre begivenheitene var at Chris sin sko nesten vart slukt inn i Røyrafjellet sitt myrfylte indre. Vi såg også ei lita kongeørn på nært hold.
På toppen (ikkje luretoppen, der Hødd Trimgruppa har rota seg til å plassere kassa si, pinlig sidan det er far min som har att ansvaret for fadesa) skreiv vi oss inn i ei av to utplasserte bøker.
Deretter tok vi ein gruppefjellfie. Denne var svært vellukka.
Turen tilbake gikk også greit.
Julejogg til Mosvatnet
- Date:
- 24.12.2016
- Duration:
- 1:18h
- Distance:
- 10.1km
Jogg på julafta for å springe litt av seg før ribba.
Sprang rett opp stien bak huset, forbi min barndoms skog og klatrefelt, før eg kom inn på Mørdarbakken. Her kom det ei kraftig haglbyge inn frå havet, og denne gav meg god fart innover mot Lisjevatnet. Tyngre herifrå på litt snø opp bakkane til Mosvatnet. 40 min opp hit på den nye grusvegen.
Eg kjenner eg er litt delt i synet på all denne vegutbygginga i fjellet - på den eine sida er det relativt store naturinngrep. På den andre sida er desse grusvegane veldig mykje brukt, og dei er anlagde over vassledningane som går gjennom terrenget her.
Eg venta litt bak hytta ved Mosvatnet med eit håp om ein tur på Storebroren. Det klarna opp, men det var såpass mykje snø og vind at eg sløyfa både det og ein svipptur oppom Mosvarden. >>>