Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Svartekari

Date:
16.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.4km

I dag var det meldt regn og atter regn, så då var planen oppstart på jobb på Firda på formiddagen, så bruke dagen til å lage årsplan for undervisninga, før brattkortprøve med Lise, Maaike og Vigdis i hallen på ettermiddagen. Men har du sett - her klarna det fint opp. Ikkje kvardagskost denne sommaren. Sidan eg tilfeldigvis hadde med turkleder måtte dette sjeldne værvindauget utnyttast! Eg køyrde opp Jardalsvegen, parkerte og la vegen mot Svartekari. Veldig fint tilrettelagt sti inn til den flotte Mardalsstøylen, så god T-sti heile vegen til topps. Meget fin tur. Flott terreng i veldig fine omgivnadar. Slo til med sokalla "underskya" vær. Anbefalast som nærtur kring Sandane - eit mykje bedre alternativ enn til dømes Ryssdalshornet, som er mykje trask på grusveg. Flott >>>

Map    

Gryta

Date:
09.08.2022

Først ei helg med magasjau, så overnatting på Alex med diverse motiverande øvingar før skulestart på Firda. Dette er inga stor oppkøyring til prestasjonar i fjellet. Men eg klarte å kome meg både opp og ned Gryta. Fin utsikt på toppen. Lett å sjå at det er kjekt å gå på fjellet i Stryn.

Map    

Lundavard-ish

Date:
04.08.2022

Familietur i dritværet. Heile gjengen + farfar med til Botnen, der vi koka kaffi i selet. Masse blåbær opp gjennom her. Olina og Mari snudde medan eg, Eskil og Farfar gikk vidare. Bra med molter opp bakkane mot heidagarden, men mange var ikkje modne. Farfar snudde ved heidagarden medan Eskil overtalte meg til å ta turen om varden. Kan ikkje seie nei til slikt. Rikelig med moltekart opp her også. Såg sauder og høyrde drone. Bra trøkk i Yksnelvane. Sleipt som pesten nedatt. Brukte heile dagen på dette opplegget her. Mari hadde laga bacalao heime. Ein grå dag som vart ein lang og fin dag ute.

Map    

Fisketjernnuten

Date:
31.07.2022

Planen i dag var Bitihorn for Eskil og Mari, før turen gjekk heim til Nordfjord. Men med skodda langt ned i toppane gjekk vi for plan B - fisktjernnuten. Her kunne alle kome seg opp. God stemning! Koselig tur med flott utsikt både hit og dit.

Map    

Bitihorn

Date:
30.07.2022

Kveldstur til denne lokale klassikaren. Fin utsikt!

Map    

Veslesanget,

Date:
17.07.2022

Beinstrekk ved overnatting i Ål på veg til austlandsferie. Fint turterreng!

Map    

Hjørudneshornet

Date:
13.07.2022

Dårlig form og dårlig vær. Passelig dag for ein dårlig topp. Vått i terrenget, tryna i eit gjerde på vei ned. Ein av dei turane der altså. Men Hareid Pf 100 er endelig i boks. Psykisk hardt :-P

Map    

Hasundhornet

Date:
13.07.2022

Map    

Klatrekurs i Uskedalen

Date:
27.06.2022
Characteristic:
Alpine climbing

Denne veka var det duka for praksis på DNT Fjellsportgruppa i Bergen sitt Grunnkurs i fjellklatring . Opplegget med kurset, som gikk over 6 dagar, var at deltakarar utan klatreerfaring skulle få ein kickstart i leding på eigne sikringar over fleire taulengder. Eit tilsvarane kurs har blitt beskrive her Det var oppmøte i downtown Uskedalen mandag, der eg møtte dei 9 deltakarane. Vi var tre instruktørar og 2 praktikantar, så her skulle det bli god oppfølging! Væreldingane var ganske gode for starten av veka og vart berre bedre og bedre ettersom dagane gikk. Etter litt handling gikk vi opp til basecamp i Eikedalen, der vi skulle vere eit par dagar. Eg hadde tatt med det store og xtremt solide familieteltet grunna frykt for vind. I tillegg hadde eg byrja på ei god bok rett før kurset - som også var ganske tjukk. >>>

Map    

Salen og Vardefjellet

Date:
15.06.2022
Characteristic:
Jogging
Distance:
10.0km
Map