Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (166)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Lundavard-ish
- Date:
- 04.08.2022
Familietur i dritværet. Heile gjengen + farfar med til Botnen, der vi koka kaffi i selet. Masse blåbær opp gjennom her. Olina og Mari snudde medan eg, Eskil og Farfar gikk vidare. Bra med molter opp bakkane mot heidagarden, men mange var ikkje modne. Farfar snudde ved heidagarden medan Eskil overtalte meg til å ta turen om varden. Kan ikkje seie nei til slikt. Rikelig med moltekart opp her også. Såg sauder og høyrde drone. Bra trøkk i Yksnelvane. Sleipt som pesten nedatt. Brukte heile dagen på dette opplegget her. Mari hadde laga bacalao heime. Ein grå dag som vart ein lang og fin dag ute.
Fisketjernnuten
- Date:
- 31.07.2022
Planen i dag var Bitihorn for Eskil og Mari, før turen gjekk heim til Nordfjord. Men med skodda langt ned i toppane gjekk vi for plan B - fisktjernnuten. Her kunne alle kome seg opp. God stemning! Koselig tur med flott utsikt både hit og dit.
Veslesanget,
- Date:
- 17.07.2022
Beinstrekk ved overnatting i Ål på veg til austlandsferie. Fint turterreng!
Hjørudneshornet
- Date:
- 13.07.2022
Dårlig form og dårlig vær. Passelig dag for ein dårlig topp. Vått i terrenget, tryna i eit gjerde på vei ned. Ein av dei turane der altså. Men Hareid Pf 100 er endelig i boks. Psykisk hardt :-P
Klatrekurs i Uskedalen
- Date:
- 27.06.2022
- Characteristic:
- Alpine climbing
Denne veka var det duka for praksis på DNT Fjellsportgruppa i Bergen sitt Grunnkurs i fjellklatring . Opplegget med kurset, som gikk over 6 dagar, var at deltakarar utan klatreerfaring skulle få ein kickstart i leding på eigne sikringar over fleire taulengder. Eit tilsvarane kurs har blitt beskrive her
Det var oppmøte i downtown Uskedalen mandag, der eg møtte dei 9 deltakarane. Vi var tre instruktørar og 2 praktikantar, så her skulle det bli god oppfølging!
Væreldingane var ganske gode for starten av veka og vart berre bedre og bedre ettersom dagane gikk. Etter litt handling gikk vi opp til basecamp i Eikedalen, der vi skulle vere eit par dagar. Eg hadde tatt med det store og xtremt solide familieteltet grunna frykt for vind. I tillegg hadde eg byrja på ei god bok rett før kurset - som også var ganske tjukk. >>>