Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (163)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Dronningruta
- Date:
- 31.07.2024
- Distance:
- 14.6km
Eit av svigerfamilyen sitt store mål i ferien var den såkalla Dronningruta. Eit kjapt søk på peakern viste at dette sjølvsagt var eit prosjekt eg måtte støtte opp om.
Bratt opp frå Stø, men bra tempo. Så når vi kom opp på høgda var det rolig terreng vidare. Nydelig utsikt, og vi plukka den eine toppen etter den andre. Var jo nokon kilometer då, men både Magne på 73, Eskil på 8, Henning på 12 og Mari på 42 hang fint med.
Nedstiginga frå Finngamheia var på ein spennande rygg. Mari og kidsa skulle gå til Nyksund og få skyss derifrå, medan eg og Magne skulle gå tilbake til bilen på Stø. Eg sprang i forveien og plukka med meg Mælen, før vi byrja trasken langs sjøen til Stø.
Lite å melde langs kysten, bortsett frå steinalder- og bronsealderbustadane rundt Skipssanden. >>>
Snøkolla og Stortindane, Øksnes
- Date:
- 30.07.2024
- Distance:
- 9.0km
Ny kveldstur på Øksnes. I dag tenkte eg at eg måtte komme meg på Høgste punkt i kommunen og på øya - Snøkolla. Det var berre det at den ikkje såg så innmari spennande ut samanlikna med dei mange brattare profilane i nabolaget. Ein av desse var Stortinden, som låg veldig nær. Men her var det ingen info om veg til toppen. Vel vel, slik kan ein tenke på opp bakkane.
Forgløymelig opp fjellsida til Snøkolla. Fin utsikt då. Tenkte eg i allefall kunne gå mot Stortinden og sjå korleis det gjekk. Kom til ryggen, og her var det faktisk ein sti - truleg saudesanking. Det gjorde turen langs ryggen litt meir oversiktlig, og eg var raskt i skaret mot Stortindane.
Herifrå såg Stortindane bratte ut. Det var to toppar, og det var sjølvsagt den bakerste som var høgst. Eg kunne prøve å gå >>>