Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Ulvanosa frå geitadalen

Date:
27.08.2022
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
12:00h

Tredje dag på veilederkurs klatring høgfjell i Uskedalen var langtur i alpint terreng. Sidan vi trengte litt snø til øving på snøteknikk hadde Lars og Trond Kristian sett ut ein skikkelig rundtur. Planen var å gå opp til breen i Geitadalen, ta demo på utstyr for brevandring samt bremseteknikk, før vi skulle klatre opp veggen mot Ulvanosa, og retur til fots tilbake til lavlandet. Det var fint vær opp svaa mot Geitadalen, der deltakarane hadde fått ulike føringsoppgåver. Så her vart det både gelendertau og litt forskjellig. Nydelig landskap og kjekt å kome seg til fjells. Eg og Sander hadde fått jobben med snømanndemo, og vi tok ein runde på det så alle fekk brukt utstyret sitt. Vi delte oss så i to taulag og såg etter moglegheiter. Vi gikk for ei spennande og litt kort men ny rute litt i venstrekant av >>>

Map    

Veilederkurs klatring høgfjell i Uskedalen

Date:
25.08.2022
Characteristic:
Alpine climbing

På praksis i Uskedalen i Juni vart eg tipsa av Lars om at han skulle ha veilederkurs i august. Der måtte eg jo melde meg på! Så sant som gjort - eg slengde inn søknad til godkjenning. Brattkompetanse.no var tydeligvis i godlune, kona bytta vakter både her og der, og magasjauen i byrjinga av veka gikk raskt over - her skulle det faktisk bli kurs! Eg byrja køyringa tidlig onsdag formiddag, men grunna trafikkulukke på Flåm vart det ei solid omkøyring. Kjekt å endelig få sjå Geilo då! :-P Då eg ankom Rabben Camping onsdag kveld var det som sistemann. Vel, det var eit sterkt crew som måtte innsjå at torsdagen var av det fuktige slaget - lite eigna til svaballett. Det passa fint til pedagogiske øvingar om bevegelsesteknikk, sikringsplasseringar, standplassrutiner etc. Etter felles >>>

Map     2 comments

Dalegubben og Andreas-festival

Date:
20.08.2022
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
4:30h
Distance:
9.0km

Helg på Sæbø med 40årsfeiring av vår gamle venn Andreas. Han hadde samla masse folk frå back in the days in Bergen til det som til alt overmål skulle bli ei finværshelg! Då kona var gira på fjelltur var eg rask med å drage fram Dalegubben som eit framifrå alternativ. God sti, flott utsikt, enklare enn Slogen, og primærfaktor på over 900m - nok av gode argument her altså! Vi kom oss avgårde frå Pålgarden på Riise ca 11, og etter ein pitstop på Joker var vi på beina 1120. Først opp eit hogstfelt der nokon hadde gått amok med motorsaga og laga ein slags lokal skulpturpark, deretter litt bjørkeskog før vi var oppe i Skodalen. Herifrå gikk det berre ein veg, og vi var på toppen etter ca 2,5 timar. Utsikta var til å ta og føle på, og både eg og kona var svært nøgde! >>>

Map    

Svartekari

Date:
16.08.2022
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.4km

I dag var det meldt regn og atter regn, så då var planen oppstart på jobb på Firda på formiddagen, så bruke dagen til å lage årsplan for undervisninga, før brattkortprøve med Lise, Maaike og Vigdis i hallen på ettermiddagen. Men har du sett - her klarna det fint opp. Ikkje kvardagskost denne sommaren. Sidan eg tilfeldigvis hadde med turkleder måtte dette sjeldne værvindauget utnyttast! Eg køyrde opp Jardalsvegen, parkerte og la vegen mot Svartekari. Veldig fint tilrettelagt sti inn til den flotte Mardalsstøylen, så god T-sti heile vegen til topps. Meget fin tur. Flott terreng i veldig fine omgivnadar. Slo til med sokalla "underskya" vær. Anbefalast som nærtur kring Sandane - eit mykje bedre alternativ enn til dømes Ryssdalshornet, som er mykje trask på grusveg. Flott >>>

Map    

Gryta

Date:
09.08.2022

Først ei helg med magasjau, så overnatting på Alex med diverse motiverande øvingar før skulestart på Firda. Dette er inga stor oppkøyring til prestasjonar i fjellet. Men eg klarte å kome meg både opp og ned Gryta. Fin utsikt på toppen. Lett å sjå at det er kjekt å gå på fjellet i Stryn.

Map    

Lundavard-ish

Date:
04.08.2022

Familietur i dritværet. Heile gjengen + farfar med til Botnen, der vi koka kaffi i selet. Masse blåbær opp gjennom her. Olina og Mari snudde medan eg, Eskil og Farfar gikk vidare. Bra med molter opp bakkane mot heidagarden, men mange var ikkje modne. Farfar snudde ved heidagarden medan Eskil overtalte meg til å ta turen om varden. Kan ikkje seie nei til slikt. Rikelig med moltekart opp her også. Såg sauder og høyrde drone. Bra trøkk i Yksnelvane. Sleipt som pesten nedatt. Brukte heile dagen på dette opplegget her. Mari hadde laga bacalao heime. Ein grå dag som vart ein lang og fin dag ute.

Map