Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (163)
- Alpine climbing (27)
- Bouldering (25)
- Ice climbing (43)
- Mixed climbing (7)
- Sport climbing (8)
-
Drive (4)
- Car drive (4)
-
Other trip (6)
- Expedition (2)
- Fishing (1)
- Other winter trip (1)
-
Ski trip (71)
- Backcountry skiing (19)
- Cross-country skiing (2)
- Randonnée/Telemark (37)
-
Trip by foot (211)
- Alpine trip (6)
- Hike (20)
- Hillwalk (47)
- Jogging (107)
- Walk (22)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Enarsvola - igjen!
- Date:
- 14.04.2019
Jammen vart det ikkje Enarsvola i dag igjen! I dag med heile klanen. Spent foran pulken som eg var identifiserte eg meg mest med asenet enn med frelsaren sjølv denne palmesøndagen, men det venta likevel ingen palmeblader foran fjellkyrkja på toppen. Derimot var dei sterke på dei meir verdslege varene: vafler og kaffi med påfyll. Nok ein gong knallvær.
Enarsvola
- Date:
- 13.04.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 8.7km
Ankomst Røros for påskeferie med familien og svigers-klanen. Det er mange fine fjell på Røros, men denne påska stod i fellesskapets teikn. Nokon vil seie at mine eigne høgdemeterambisjonar var offerlammet denne påska. Andre vil kanskje seie at eg har sett meg sjølv i denne situasjonen, og små ungar og ein nær og fin familie også har sin sjarm og verdi. Jada. Eg ser den.
Vel vel, nok om det. Rett etter ankomst Røros Hotell opna det seg eit turvindauge. Det måtte handlast kjapt, og eg heiv på meg fjellskia og satte kursen mot næraste raude nål - Enarsvola.
Det starta på preparerte løype, og deretter sette eg kursen beint fram gjennom tundraen med sikte mot mastene på toppen. Der ankom i nydelig ettermiddagslys, klartog fint med utsikt heilt til Rondane. På toppen møtte eg også >>>
Raudfjellet
- Date:
- 26.03.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Kåna avspaserte, så då opna det seg ein turdag for pappapermaren. Gitt litt mange mikroorganismar innabords i det siste, samt eit lavtrykk på veg på ettermiddagen, så var det ingen grunn til å legge ambisiøse planar. Eg tenkte å ta turen til Nerskogen - der har eg knapt vore før, og plukke ein lett tilgjengelig topp eller to før snøværet kom.
Men, eg kom aldri til Nerskogen. Eg tok av for tidlig, og før eg visste ordet av det var eg i Rindalen. Det var jo ei slags meining i dette - då eg skulle til Rindalen og Jøldalshytta for nokon år sidan enda eg opp på Nerskogen. Ringen er slutta.
Vel, eg kunne ikkje kaste vekk verdifult opphaldsvær, så eg køyrde inn på Langvatnet og tok sikte på Raudfjellet. Rindhatten såg også svært forlokkande ut herifrå, men det var litt i lengste >>>
Lian-Elgsethytta pulktur i verdensmesterføre
- Date:
- 06.03.2019
- Characteristic:
- Ski trip
- Distance:
- 20.0km
Forsøk på klatring på Linesøya
- Date:
- 23.02.2019
- Characteristic:
- Climbing
Trufaste lesarar har kanskje lagt merke til at det har vorte lenger mellom ekstremsporten og tettare mellom pulkturane på Kobbenes sin peakbook-konto. Men denne laurdagenn hadde vi familie på besøk, og det mogleggjorde ein etterlengta turdag for den smått avdanka ekstremsportutøvaren. Slike sjeldne turdagar har ei viss fallhøgde i seg: kva skal ein bruke den til? Dette er tross alt ekstremt verdifull tid. Brått tar planlegginga slik overhand at sjølve turen kokar opp i kålen.
Men, i dag hadde eg lært av mine feil: målet for dagen var å klatre litt i ei eller anna form. Det var meldt 13 grader på Harbak, så eg lasta padden i bilen og køyrde dit. Eg sende ei melding til Kjetil, som bur på Stokkøya, om han var interessert i å klatre litt. Eg tok med kilesettet i alle tilfelle >>>
Pulktur Lian-Grønlia
- Date:
- 06.02.2019
- Characteristic:
- Ski trip
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 14.2km
Fin pulktur i finfint vintervær. Såg nok 15 blå på det kaldaste, men Olina var varm og god i posen. Grønlia har bymarkas beste kveitebakst, og det hjelp mot det meste. Turen tilbake tok vi over isen på Skjelbreia. Ikkje verst med pappaperm!
Med på turen: Mats I. og Live.