Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sjokomelksethytta

Date:
18.02.2018
Characteristic:
Ski trip
Map    

Strukafossen

Date:
04.02.2018

I denne tidenes isvinter har mitt enorme alpinpotensiale vorte distrahert av gravid kone og ein meget aktiv toåring. Når til alt overmål svigers stakk tre veker til kanarie-øyene midt i januar var det klart at eg ikkje kom til å utmerke meg med store nyturar i Sunndalen i år heller. Men i samme sekund som svigerfar landa på Værnes sende eg ut melding til min likeså heimekjære omgangskrets av klatrande småbarnsforeldre om at no måtte det støtast! Til alt overmål fekk eg ein heil gjeng på kroken. Etter ein god runde med klager på feber, kulde, låke kne og diverse kroppslige forfall landa vi på Struka - ein foss på Langstein som etter sigende skulle vere stor og fin og i kjekk form. Det var subalpin start frå trondheim ein gong mellom 8 og 9, med Arve, Mats og Pål-Christian >>>

Map     4 comments

Sjokomelkbonanza på Elgsethytta

Date:
21.01.2018
Characteristic:
Ski trip
Distance:
8.0km

Map    

Topp tauing på øysand

Date:
16.01.2018
Characteristic:
Ice climbing

Tur på crag'et med eit nytt bekjentskap - Jean-Marie, som hadde klatra både her og der i den store verden, men som no trente seg tilbake i form etter ei paraglider-ulukke. 2 plussgrader og smørisbonanza i veiskjæringa i dag, eg leda opp ein grei 4(+?)-variant. Deretter topptauing, både på gardina og Bomber, som i dag hadde gammal og steinhard is. God treningsøkt!

Map    

Hakking på Theisendammen

Date:
09.01.2018
Characteristic:
Ice climbing
Map    

Femmaris på Øysand-craget

Date:
02.01.2018
Characteristic:
Ice climbing

Knallforhold i veiskjæringa på Øysand - tjukk is som tar skruar og greier. Etter nokre dagar med god kulde kom det litt mildare vær, og smørisen var på plass. Pål Christian var interessert i å skremme av seg julesylta, og vi var på plass i måneskin, lyktestolpar og trailerbrøl. Starta med å lede opp ein tjukk og fin pillar opp til hylla som deler veggen. Ganske bratt kanskje 3-4 meter WI3+/4? Deretter fortsette rett opp andre del av veggen, brattare her (WI4+) kanskje 4 meter. Ikkje så vedvarande saker, men bratt nok til at alle skrueplasseringar blir hengande. Eg kalla denne One Night Stand då eg traverserte rundt på den i fjord. Så då får det bli navnet: One Night Stand (WI4+, ca 8m). Botndelen formar fort, og det er mogleg å klatre denne og ta standplass i trea på hylla >>>

Map    

Nyttårstur i Bymarka

Date:
01.01.2018
Characteristic:
Ski trip

Kona måtte på jobb i dag, så det betydde både at det ikkje vart heidundrande fest i går (sic!) og at eg og junior hadde ein del tid å slå ihjel i tosomheit i dag. Då toåringen byrja å mase om ski allerede klokka halv 10 var det klart at vi berre fekk pakke oss i bilen og kome oss avgårde. Nesten tom parkeringsplass og nydelig vær. Eg beholdt kortfellane på tur/retur i dag, ingen grunn til å opparbeide seg fart. På Elgsethytta var det nesten ikkje folk, og vaflene og sjokomelka smaka uovertruffent! På veg tilbake vart det testing av skia, sjåing på snøskuter og andre morsome aktivitetar!

Map