Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

St. Olavsspranget klatrefelt

Date:
28.09.2017
Characteristic:
Climbing
Duration:
2:00h
Distance:
2.0km

Så då er katten ute av påsen: eg og Andreas har pussa fram eit fint nytt kileklatrefelt med flotte riss rett utanfor Trondheim. Etter å ha førstebestige mine to linjer med hovudlykt denne kvelden går vi, etter litt hemmeligheitskremming, ut med førar for St. Olavspranget klatrefelt. Meget fine ruter som følger sammenhengande riss gjennom heile linja, 20-25 meter. Fast og fint fjell, og flott utsikt over Trondheimsfjorden. Byens beste trad-crag, for å vere heilt ærlig! Sjekk ut 27Crags for meir info! Gått denne kvelden: - In utero (5+): flott fingerriss med delikate moves. - Trøndsemithe (6): vedvarande bratt, men alltid så gode tak at det ikkje blir hardt. Og supre sikringsplasseringar akkurat når ein treng dei. Takk til Erlend B. for at du var villig til å bli med i stupmørket og stå og >>>

Map    

Kaldfonna, Storkalkin og Kalknebba

Date:
22.09.2017
Distance:
25.0km

Denne helga skulle vi eigentlig klatre sesongens vegg-prosjekt, men blanda værmeldingar/forkjøla klatrepartnerar/jobbhelg for kona/vekkreiste barnevakter etc etc etc gir ingen storveggstur på Kristian. Men godteposen er jo full av alternativ, og etter vurdering av vær og føre fall valget på kremtoppane sør for Sunndalsøra. Sidan eg hadde to dagar til rådigheit, pakka eg teltet – spent på kor mykje eg kunne rekke over, men vel vitande om at ingenting kjem gratis i Sunndalen. Etter avlevering av Jr. i barnehagen Fredag gikk turen til Sunndalen – berre avbrote av ein stopp på VPG for det aller mest nødvendige. Kvar gong eg kjem til Sunndalen vert eg fyllt av ærefrykt. Dimensjonane er så enorme. Eg stoppa for å sjå på kløfta vi klatra i vinter – den er jo kjempestor. Eg parkerte >>>

Map    

Førstebestigning av Ragna Route (6-R) på hemmelig crag

Date:
17.09.2017
Characteristic:
Climbing

På ein hemmelig stad i Bymarka ligg den finaste tradlinja i heile Trondheim Kommune. Ikkje så hemmelig heller, eigentlig. Den er midt i glaninga for alle som følger med. Men det er det få som gjer. Inntill Andreas hadde auga med seg. "Eg har spotta ei stolt linje, eit riss, i bymarka. Kanskje 15m høgt. Kanskje offwith. Veit ikkje om det er søppel, men vi kan jo sjekke". Som regel betyr dette at det er søppel. Men det er kjekt med ein tur ut uansett. Eg lasta sekken full av store og ubrukte sikringsmidler. Linja var synleg høgt over vegen. Milde måne, det såg faktisk heilt rått ut! Vi gikk opp og rappellerte ned. Det såg enda råare ut! God steinkvalitet og ein moderat offwith. Vi pussa risset så godt vi kunne (børster ikkje medbragt). Byrjinga var meir begrodd, så der >>>

Map     4 comments

Kveldsjogg på Geitfjellet

Date:
16.09.2017
Map    

Geitfjellet

Date:
11.09.2017
Map    

Aunkammen Trondheim kommune pf100 komplett

Date:
09.09.2017
Duration:
0:45h
Map     5 comments

Storheia kveldsjogg

Date:
04.09.2017
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:01h
Distance:
9.1km
Map    

Buldring og bloggtreff på Harbak

Date:
02.09.2017
Characteristic:
Bouldering

Buldre- og familietur til Harbak. Svigers var taua med som barnevakt, men Kona var uansett ikkje i form, så det vart solobuldring på familiefaren. Eg prøvde 10000000 gongar på Høygaffel (7b+) og kom meg 5cm lenger sidan sist. Ellers klarte eg nesten ingen ting. Familien kosa seg max i fineværet, og såg både sau, hest, geit og lama. Av andre ting kan nevnast at eg tok med guten i meisa på klatrefelt-safari. Veldig mykje flott stein utpå her, perfekt til kileklatring og andre bratte aktivitetar. Ellers traff eg også den middels berømte ex-klatrebloggaren Kjetil Grimseth for ei lita buldreøkt. Bloggen hans var sterkt medverkande til at eg byrja alpinklatring sjølv. Saman prøvde vi i dag på buldreprosjekt som ingen av oss fekk til. Det skapte vel kanskje eit fellesskap. Det vart tatt >>>

Map     2 comments