Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Walkabout i Trøndsemite

Date:
27.11.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
3:49h
Distance:
20.2km

Nei, det er ikkje Tikneppen det er snakk om. Heller ikkje Størenhammaren. Og nei - Lyneggen er ikkje Trøndelag's The Nose. Vi snakkar om Snillfjord, nærare bestemt dalen kring Slørdalsvatnet (det blir vel Slørdalen det då?). Kvifor denne frekke påstanden at dette er Trøndelags Yosemite? Vel, her som hjå si amerikanske storesøster stuper fagre og bratte granittveggar ned mot barskogen i botnen, medan dramatiske fossefall hiv seg over kantane med dødsforakt - ein dødsforakt som speilast i isklatrarane som bestig dei same fossane i frosen tilstand vinterstid. Men her stoppar plutselig likskapen brått med det same, liksom uventa. For der Yosemite er overstrødd med klatreruter i verdsklasse, avgrensar klippeklatringa i Snillfjord seg til ei handfull ruter under eit overheng på Suluberga. >>>

Map    

Kveldsøkt på Øysand

Date:
23.11.2016
Characteristic:
Ice climbing

Topptauingsøkt med Pål Christian på Øysand før neste lavtrykk skyller vekk alt. Sette opp tauet på ei bratt linje og susa avgårde. Topptauing er (nesten) ekstremsport! Sidan ingen andre bryr seg om veiskjæringane på Øysand gir vi rutene navn sjølv om vi berre topptauar. Vi har kalla veggen Motorveggen sidan den ligg like ved vegen, og vi oppdaga den same dag som Lemmy i Motorhead vandra heden. Som seg hør og bør navngir vi rutene etter eit Motorhead-tema. Denne var bratt og kul, så den fortente klassikarnavn: Bomber (WI5). 3 timar isklatring på ein kveld midt i veka. Ikkje dårlig, altså!

Map     4 comments

Geitfjellet

Date:
23.11.2016

Vi kan alltid stole på deg, Geitfjellet. I dag slo du til med flott utsikt over snøbygene som feia over Trondheimsfjorden. Men du var litt glatt. Burde ikkje skisesongen vere på veg no?

Map    

Trondheim pf>100: Hangervåttån

Date:
17.11.2016
Characteristic:
Walk
Distance:
2.9km

På tide å jobbe på pf-lista. Denne våtten har eg tenkt på ofte, men den har vorte nedprioritert like ofte. Med god grunn ser det ut til. Eskil sovna raskt, kanskje av alle inntrykka i granskogen? Men det vart ikkje lange duppen - etter eit drøyt kvarter var vi oppe. Etter litt roting rundt etter utsikt som aldri viste seg, skreiv vi oss i boka og rusla nedatt. Adjø Hangervåttån - for alltid.

Map     2 comments

Is topptauing på Øysand

Date:
09.11.2016
Characteristic:
Ice climbing

Topptaua vertikal is på rampa austgåande. Bra økt der teknikken fikk køyrd seg. Sjølv om det har vore kaldt var det framleis vatn i sving her, så denne har potensiale til å bygge bra. Ellers var resten av motorveggen (veggen i vegskjæringa langs rampa og vegen mot bilopphoggeriet) noget tynn. Slenger med eit bilete frå recon dagen før. Dette området er intet mindre enn ein isklatregym nøyaktig 15 minutters køyring frå inngangsdøra. Masse masse linjer og lette topptauingforhold. Meiner det er vel verdt å lage ein førar på dette området også etter kvart, med navn, graderingar og det heile. Kanskje bore nokon linjer for mixklatring i vegskjæringa - hadde gjort underverker for isklatreskillza i trondheimsregionen.

Map    

Isklatring sesongstart på Kongsvollfossen

Date:
06.11.2016
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
5:00h

Sesongstart på is opp Kongsvollfossen. Pål Christian var med, og hadde sin andre dag på is, med splitter nye himalayastøvlar og nomics. Det var -13 på parkeringa, men ingen fare for at man skulle fryse på beina, for å seie det slik. 3 andre taulag var i gang, men det gikk fint oppover. Dei to første var omtrent toppa ut, og vi klatra parallelt med nokre svenskar som hadde gjort moldensarar av seg. Trivelig stemning, sol, flott utsikt, og effektivt arbeid opp isen. Og ikkje minst slapp vi å finne vegen ned sjølv. På Oppdal vart det rømegraut og biffsnadder.

Map     2 comments

Ila-Gtfjlt-Stdsh-Grkln-Lrkndl

Date:
02.11.2016
Characteristic:
Jogging
Duration:
3:43h
Distance:
21.8km

Treningstur i Bymarka. Myrene var NESTEN frosne. Steinane, derimot, var glatte. Koselig likevel. Kreativ linjeføring i mørket. Litt kveldslys frå Geitfjellet

Map     2 comments