Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Middagsfjellet

Date:
26.06.2023

Map    

Austelidheia

Date:
24.06.2023

Map    

lundavarden

Date:
20.06.2023
Map    

Gjegnen via nordryggen

Date:
16.06.2023
Characteristic:
Alpine trip
Duration:
11:00h
Distance:
27.0km

Gjegnen – fjellet har ein spesiell plass i hjertet til mange kring Nordfjorden. Dette er majesteten – ein kjem ikkje vekk frå det. Både farfaren og faren min fekk eit eige drag i stemma når dei snakka om Gjegnen. Ingen av dei har vore på toppen. Uansett korleis du vrir og vender på det så er det ein lang tur. Eg og Mari fekk audiens i 2008, på ein tur frå Hyen med Nordfjord Turlag. «Ein dryge tur» sa turleiaren, og sjølv om eg hadde gått ein del i fjellet hadde ikkje studietida gjort underverker for fjellforma. Då eg rota meg borti fjellklatring nokre år seinare kom det meg for øyret at nordryggen hadde vore klatra. Så fekk eg vete at lokale ekstremsport-pionerar hadde gått ryggen både opp og ned berre iført joggesko som ein del av ein campingtur. Deretter hadde eit dusin >>>

Map     7 comments

Lotsberg klatrefelt

Date:
10.06.2023
Map    

Lundavarden

Date:
10.06.2023

Map     1 comment

Skjerdalen

Date:
05.06.2023
Map    

Ålfoten multisport 2023

Date:
05.06.2023

Map    

Sporlaus på Knektevasshytta

Date:
31.05.2023
Characteristic:
Climbing

Eg har lenge lenge ønska å sette kilane i sandsteinen i Ålfoten. Men eg har berre ikkje fått ut fingeren. Før i dag. Knektevasshytta DNT-hytte har fin sti og ein fin vegg like ved. Her skulle det vere lett tilgjengelig og fin klatring. Aslak var nyfrelst og hadde flunkande nytt utstyr - han var lett å be. Meldingane var mildt sagt av det mindre fordelaktige slaget. Ålfoten er noregs våtaste plass. Bygene tromma mot frontruta - men Yr sa det skulle blikke opp utover dagen. Nedbøren gav seg, men det var likevel ein søkkvåt vegg vi såg frå Knektevasshytta. Eg nytta kikerten for å sjå om det tørka, og til slutt klara vi ikkje vente meir. Her måtte det klatrast. Vi gikk mot ein høveleg høg og passe bratt/slakk del, og såg etter nokon formasjonar. Lenger oppe var tørken i gong, >>>

Map     2 comments

Sandskarhyrna

Date:
18.05.2023
Distance:
14.6km

Når turutsiktene er uklare kan langhelgene i mai vere ein forbannelse. Med særs usikre meldingar holdt 17. himmelfartshelga i sin heilskap på å gå med til intense studier av diverse værmeldingsplatformar. Eg og Kroksleiven hadde store planar, men det vart raskt klart at desse måtte vente. Men kva skulle kome i staden? Tøni snakka om nokon kronglete oppgangar til kvardagstoppar i Gloppen. Mange raude nåler, men nja tja... skulle det ikkje vere nedbør der då? Etter mykje leiting på kartet til Kroksleiven fann eg ei einsleg grå nål langt inne i oppstryn. Sandskarhyrna. Kroksleiven sat og såg på same nåla. To sjeler same tanke. Då vart det Sandskarhyrna. Behagelig avgang heimanfrå 8:30, og avgang frå parkeringa i Skjærdalen 10:30. Masse folk her som snakka framande tungemål (bokmål) >>>

Map