Telttur i kulden og blåfjellet (29.10.2023)
Ascents | Blåfjellet (951m) | 29.10.2023 16:42 |
---|
Etter å ha sett Monsen kvar kveld i heile haust var Eskil veldig klar for telttur. Denne helga var vi heime aleine og været var fint. Eg hadde skrytt fælt av fisket i Furekleivvatnet, så då vart det turmålet. Kanskje vi kunne ta ein slengar innom sjølvaste Blåfjellet også!
Litt sein avgang laurdag ettermiddag frå Navestøylen. Det var kaldt, og vi nådde aldri att sola oppover lia. Denne kvelden var det fullmåne og det skulle endatil vere delvis måneformørkelse utover kvelden.
Eskil peisa på opp bakkane, og klaga over lett sekk. Då vi kom opp på høgda møtte vi fullmånen på heilt klar himmel. Då vi såg det islagde vatnet tenkte eg at dette med fisking kanskje var litt bom. Og at det kom til å bli kaldt.
Då vi slo opp teltet sank temperaturen. Vi fyrte opp eit lite bål og åt kvelds under fullmånen. Men det var kjølig å nyte stjernehimmelen. Vi kraup i soveposane før klokka 9, og las donald. Eskil hadde den tjukke vintersoveposen, så han var god og varm. Eg hadde ein bra sovepose sjølv, men det tok litt tid å sovne. Då måneformørkelsen kom halv 10 var vi begge i drøymeland.
Natta gjekk fint, men eg registrerte at det var kaldt. Morgonen kom med kaffi og frokost, og ein liten runde rundt vatnet for å fiske litt der isen var open på andre sida av vatnet. Det var ei kald affære.
No var sola kome i høgda, så vi traska opp lia mot Blåfjellet. Deilig å få varmen, og vi sat ei heil stund på toppen og såg utsikta frå Stadhavet til Lodalskåpa. Eskil, som vil tilbake til den gamle teknikken å drive landmåling på, sette opp trigpunktet som låg og slang. Ein kar som kom ruslande sa det hadde vore -5 i bilen då han gjekk frå Navestøylen.
Etter det var det retur til teltet, der sola var komen. Her vart det meir kaffi og leik med is, før vi returnerte til bilen.
Knalltur i kulden!
User comments