Øyhopping: øyakollen (17.02.2022)
Ascents | Øyakollen (114m) | 17.02.2022 14:49 |
---|
Koronaen traff meg etter to år med forvetningsfull usikkerheit. Den kom som ein mild influensa. Og som kjent er småbarnsfaren den milde influensaens største offer.
Men, eg sjølv om eg no hadde betalt med mine fire dagar i isolasjon, og gitt avkall både på pudderfest og nabolagsfest (der eg tilbaud å ta med ein av dei gamle ølbollane på bruket så resten av nabolaget også kunne bli ferdige med skiten før vinterferien), sat eg framleis og såg ut vindauget. Bygene som rulla inn fjorden var eit godt bilete for den indre tilstanden. Sjølv om det held hardt å kalle det long Covid så var eg i allefall ikkje heilt i slag på sjukdomens 7. dag.
No hadde eg altså kvikna såpass til at ein heil dag innomhus var vanskelig å leve med. Men å vase rundt i fjellet med snøbyger og tørrhoste var heller ikkje ein super idé. Det har eg gjort før utan hell.
Så då vart det biltur. For å sjå på stein. Ferga Stårheim-Isane, over Dalsete der det var fullt av snø og noko som likna på ein skotsk miksklatrevegg, ned alle svingane mot svelgen der det er så mykje stein, veggar og riss at ein sikkert kan holde på eit heilt liv. Så vart det gåtur innover Risevatnet der dei flotte hyllene kneisa over meg, og eg såg ruter både her og både der som eg sikkert kunne gått om eg hadde hatt evig liv.
Men eg har ikkje evig liv, så på veg mot ferga måtte eg i det minste få med ei raudnål, og den heldige vinnar vart Øyakollen. Ekte kystterreng her altså, og hjort såg eg også.
Så vart det til alt overmål rallykøyring for å rekke ferga.
Ein god dag forholda tatt i betraktning!
Benutzerkommentare