Lundavarden pudder (08.04.2021)
Ascents | Lundavarden (769m) | 08.04.2021 12:01 |
---|
For ein som har "Væråret" mellom sine favorittprogram er Nordfjord ein flott plass! Denne veka vart vi velsigna med masse flott og spennande vær, og med eit lite vindauge mellom bygene torsdag ettermiddag måtte eg sjølvsagt oppom Lundavarden og sjekke forholda.
Det er kjekt å nerde litt, og sidan eg nett har lært bitte litt om snø og skredvurdering så tok eg sjølvsagt med heile utstyrsapparatet til fjells. Intet kantkorn skulle forbli uoppdaga!
Ski rett frå tunet, pudder av finaste sort! Forbi norstunet (her var det ikkje pudder) og opp mot Orheimssætra. Bra snødekke heile vegen, tørr nysnø frå første meter, på fin såle.
Oppover den sørvestvendte lia ovanfor Orheimssætra var det som venta fine forhold etter nordvesten dei siste dagane (ja nettopp!). På toppen bles det litt, men no frå søraust. Eg var innom toppunktet, grov ein liten profil, og gjorde mine vurderingar, før eg svosja med ned att på flott pudder.
Tilbake før lunch, og eg kunne more meg med å lage fine snøballar av det flotte pudderet. Til alt overmål stemte vurderingane mine med skredvarselet på ein prikk. Hurra!
Så for dei som måtte lure: skredproblem fersk vindtransportert fokksnø, både i vest, nord, aust og sør grunna skiftande vind. Ingen svake lag eller tydelig lagdeling (750m). Faregrad 3. Vil trulig vedvare gjennom helga grunna framleis mykje ubunden nysnø og meir bygevær på veg. Så det :-)
Start date | 08.04.2021 09:11 (UTC+01:00 DST) |
End date | 08.04.2021 11:48 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 2h 36min |
Moving Time | 2h 06min |
Stopped Time | 0h 30min |
Overall Average | 3.4km/h |
Moving Average | 4.2km/h |
Distance | 8.8km |
Vertical meters | 856m |
User comments