Ettermiddagspudder på lisjeblåfjellet (31.01.2021)


Start point Sigrona
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 1h 30min
Distance 6.2km
Vertical meters 612m
Map
Ascents Blåfjellet (828m) 31.01.2021 15:00

Ja då har det altså skjedd - eg har flytta tilbake til vestlandet. Og ikkje berre det, vi har flytta til min barndoms ferieparadis Stårheim. Ikkje heilt venta for han som ein gong var Ulsteinvik sin hardaste urbanist. Men sånn er livet - sidan den tid har både eg og bygda endra seg. Og når vi det siste året summerte opp grunnane for og imot så såg vi til slutt ingen grunn til å la vere!

Så no er vi altså på plass i slektsgarden på Orheim, Stårheim. Ei tømmerkasse frå 1880-talet, med eit nyare påbygg frå 1920. Midt i ei pågåande kuldebølge så var det ein litt kjølig affære. Men ungane er tøffe - dei har genar frå kalde stader.

Sidan det har vore perfekte skiforhold i marka har det vore litt smertefullt å vere oppteken med barnehagetilvenning den siste veka.

Men no var det endelig helg. Kona vart sendt med naboane på puddertur i føremiddag, og kom heim med stjerner i augene. Då var det berre å slenge skia i pickupen (yes, nettopp) og komme seg avgråde. Dei hadde vore på lisjeblåfjellet, så det var berre å følge trikkeskinnene til topps, og så pudre nasen heile vegen nedatt.

Nesten like bra som i bymarka. Haha...

Kommentarer

  • -
    avatar

    Velkomen til Nordfjord!

    Skrevet av boven 04.02.2021 20:45

    Dette blir kjekkt for mange!

    • -
      avatar

      Sv: Velkomen til Nordfjord!

      Skrevet av kobbenes 06.02.2021 21:07

      Takk for det Ove! Ja dette blir spennande! Vi gledar oss!

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.