Endelig Store Brekketind! (24.07.2020)


Characteristic Alpine climbing
Duration 10h 00min
Distance 19.4km
Vertical meters 1,600m
GPS
Ascents Store Brekketinden (1,579m) 24.07.2020 21:01
Visits of other PBEs Langsæterdalen parkering (380m) 24.07.2020 21:01

Eg og Kroksleiven har som mål å få til ein fellestur kvar sommar når eg er på sommarferie på Stårheim. Prioriteten er å plukke ein skikkelig kremtopp.

Det har danna seg ein liten trend på at vi plukkar toppar i Hjørundfjord-området. Der er dett tett mellom kremtoppane, og det er lett å finne neste turmål. Det fell seg liksom sjølv, når ein bestig ein kremtopp ser ein gjerne rett bort på neste. Og då vi var på Smørskredtindane for 2 år sidan såg vi rett bort på Store Brekketind.

Brekketinden har jo litt kompliserande faktorar som brekryssing og klatring. Nordfjordigar likar dårlig å bli sette i band, så her var det ein del ting som sat litt langt inne. Men er primærfaktoren høg nok er det mykje som går.

Dei siste åra har eg vore råka av familieauke og dårlig ferievær, noko som har forpurra fellesturane litt. Også denne sommarferien min var prega av lavt skydekke. Men to dagar før heimreise til Trondheim såg alt til å klaffe. Det var Brekketindvær.

Eg køyrde i god tid frå Ulsteinvik, og fekk med meg det litt slitne rekordforsøket til KjellElvis på køyreturen: han skulle synge Elvis i 50 timar. Elvis døydde av ein overdose, og det same høyrdest ut til å skje her. Eg lo også godt av nyhende om trafikkaos på Gaustadtoppen. Hahaha, tenk å fare på tur der heile Noreg skal vere samtidig. Men så kom eg på at no var eg i sjølvaste Hjørungfjorden, på veg til landets mest avfotograferte ferjesamband. Og nettopp, sjølv om eg var ein halvtime for tidlig ute var det berre så vidt eg kom med ferga frå Sæbø.

På ferga møtte eg TopGun, som kunne melde om kaos på Urke. Det viste seg å stemme – det var rein folkevandring på Saksa, Slogen og Urkeegga. Ein heimkomen sydenturist i denne smørja så hadde smittetala gått i taket.

Det er tett mellom kremtoppane i Hjørundfjorden.
Det er tett mellom kremtoppane i Hjørundfjorden.

Vel vel, vi rekna med å få være relativt aleine. Vi starta frå Langsæterdalen, ettersom det var kortare å køyre, og dessutan finare innmarsj, og ikkje SÅ mykje lenger enn innmarsjen frå Stranda-sida. Meinte eg. Kroksleiven var ikkje heilt einig. Men i min situasjon er det ikkje så viktig å kome tidlig heim når ein har sjangsen til stortur.

Det var riktig nok ein god trask innover dalen, og vi følgde stien nesten opp i skaret, før vi gikk over ryggen ved 1082-punktet og opp sørflanken mot Søre Brekketind. På toppen av flanken såg vi at vi var kome for langt opp, så det vart nokon meter ned for å kome inn på breen. Nede på snøen fann vi spor som gikk i riktig retning, så vi fulgte dei. Etter ei stund byrja eg å lure på kva spor vi eigentlig følgde. Klovar? Var det nokon som hadde med saude på Store Brekketind? Nei, vi følgde spora til nokre hjortar som hadde gått over snøen. Desse leda nok ikkje i riktig retning. Vi forlèt hjortetrakket, og kløyv opp svada i midten av breen, der vi så tok på tauet.

Tilbakeblikk ut Langsæterdalen
Tilbakeblikk ut Langsæterdalen
På breen, kvar er det hjortetrakket?
På breen, kvar er det hjortetrakket?

Det var mykje snø i år, og det låg snø nesten heilt opp i skaret. Vi såg eit taulag som var på veg opp eit stykke før oss, og vi gikk i spora til desse.

Renna full av snø
Renna full av snø
Skjegget fullt av solkrem
Skjegget fullt av solkrem
Berømt utsikt!
Berømt utsikt!
Turmål i hytt og gevær
Turmål i hytt og gevær

Siste stykket opp renna var det kanskje 40-45 grader snø med nokre greie tverrsprekker. Der snøen slutta gikk vi løpande opp i skaret, og deretter løpande eit stykke vidare, til eg sette standplass rett over første opptaket og sikra Torleiv opp. Greitt å finne vegen opp her. Deretter vart det ei taulengde på ca 30 meter til topps, stort sett kliving, men litt utsette opptak. Fint å ha sikring.

Då eg stakk haude opp over toppen sat der tre godt vaksne karar frå Ålesund og naut sola. Eg sette standplass litt inne på toppegga og sikra Torleiv opp. Det var god stemning, sol og vindstille. God tid til å sjå bort på neste turmål! Det var berre å nyte det medan vi såg korleis det aula med folk borte på Slogen. Hoffa... Skreiv oss i boka - neste som skal opp her får ta med ein ny penn. Vi sat nok på toppen ein halvtime-time medan karane frå Ålesund klivra nedatt.

Nøgd kar som endelig har fått lov å knyte seg ut av tauet!
Nøgd kar som endelig har fått lov å knyte seg ut av tauet!
Nøgd han her også!
Nøgd han her også!

Sidan det ikkje var nokon openberre rapellfester og klivinga var relativt grei, så reverserte vi berre taulengdene. Det gikk veldig fint. Ned renna gikk vi baklengs, og det var heller ingen problem.

Vi hadde med eit 70m heiltau ettersom vi hadde fått tips om at det ville holde til rappellen. No vart det ingen rappell, så då hadde 30m tau eigentleg vore nok. Ein treng heller ikkje store racket opp og ned her: eit lite nøtteknippe og 4-5 kammar, samt litt langslynger til å slynge hist og pist så kjem ein seg fint opp og ned.

Deretter var det berre den lange trasken ut att.

Berre å ta det piano ned renna.
Berre å ta det piano ned renna.
Meir upåklagelig utsikt
Meir upåklagelig utsikt

Eg hadde nesten ikkje lyst å rekke ferga, så fint var det denne kvelden! Eg har verken vore på Urke, eller tatt ferga frå Sæbø før. Eg har sjølvsagt sett sakene på sosiale mædier, som det heiter. Men eg må vel innrømme at Hjørundfjorden har noko for seg.

Jauda, det er fint dette!
Jauda, det er fint dette!

Takk for turen Torleiv!

Hei Grivel, om de har lyst å sponse meg så kan de berre drite i det. Kva er poenget med å lage ein sekk som er både for kort i ryggen og for vid i beltet? Alt blir jo hengande på skuldrane, som atpåtil er i klem. Men fargane har de treft på, dei er kule! (og det er jo kanskje nesten det viktigaste?)
Hei Grivel, om de har lyst å sponse meg så kan de berre drite i det. Kva er poenget med å lage ein sekk som er både for kort i ryggen og for vid i beltet? Alt blir jo hengande på skuldrane, som atpåtil er i klem. Men fargane har de treft på, dei er kule! (og det er jo kanskje nesten det viktigaste?)
Start date 24.07.2020 09:45
(UTC+01:00 DST)
End date 24.07.2020 19:49
(UTC+01:00 DST)
Total Time 10h 04min
Moving Time 6h 24min
Stopped Time 3h 40min
Overall Average 1.9km/h
Moving Average 3.0km/h
Distance 19.4km
Vertical meters 1,599m

User comments

  • -
    avatar

    Godt jobba gutter.

    Written by ligroenb 24.07.2020 22:24

    Flott. Blir bra med ein saftige rapport og bilder.

    • -
      avatar

      Sv: Godt jobba gutter.

      Written by kobbenes 24.07.2020 22:40

      endelig fekk eg kroksleiven i band! ja, her blir det rapport ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.