Lang tur til Rindhatten og Bolmtrollhetta (28.09.2019)


Start point Langsætra (444m)
Characteristic Trip by foot
Duration 6h 00min
Distance 30.5km
Vertical meters 2,339m
GPS
Ascents Bolmtrollhetta (1,251m) 28.09.2019 16:43
Rindhatten (1,335m) 28.09.2019 16:43
Visits of other PBEs Hølstoen p-plass (460m) 28.09.2019 16:43

Då eg var på Raudfjellet i vår tenkte eg at eg måtte få meg ein tur på Rindhatten der den såg så flott ut lenger inne i dalen. I dag var dagen. Glad som eg er i kart, hadde eg planlagt å raske med meg litt meir også, sidan eg var i området. På kart er livet enkelt.

Ja så var det dette med kart då. Vel vel, eg køyrde til innerste parkeringsplassen ved Langvatnet, og fann ein flott sti innover dalen - meget godt tilrettelagt. Etter ei stund kom eg til eit stikryss der det var skilta mot Bolmtrollhetta og Kjerkholtsætra til høgre. Men det var jo ikkje dit eg skulle - eg skulle på Rindhatten først, før eg skulle harve over Bolmtrollhetta og Gaddfjellet (om eg gadd - haha) på veg tilbake. Så eg fortsatte rett fram. Fin sti til eg passerte ei hytte, så forsvann stien og det vart fristil gjennom eit eksotisk myrområde.

Etter kvart kom eg til ei sæter ved foten av fjellet, og hit gikk det også ein fin sti. Snodig at eg ikkje hadde passert denne før? Vel vel, dette måtte jo vere Helgetunsætra, og endelig vart det litt høgdemeter, så då var det berre å byrje på oppstiginga. Men eg fekk ikkje heilt terrenget til å stemme. Burde eg ikkje sjå Bolmtrollhetta no då - den burde jo rage godt i landskapet. Eg sjekka GPSen, og nettoppp ja: eg var på veg opp Bolmtrollhetta. Så det var den eg hadde sett heile tida! Er det mulig å ha så dårlig orienteringssans?? Men kvar er Rindhatten då? Ja der inne er den ja! Gulp, det var jo eit stykke.

Haust
Haust
Tilbakeblikk mot Bolmtrollhetta
Tilbakeblikk mot Bolmtrollhetta

Vi fekk ta ein topp om gongen. Men dette var ein skikkelig luretopp - eg kom jo aldri opp. Drygt var det. Til slutt stod eg ved varden to timar, og eg noterte meg at det var mykje barneskrift i boka. Slik var det med den saka.

Dagen var enda ung, så eg sprang mot Rindhatten. Greit bort til Nonsbekken der eg tok ein pause. Grøne teiknestiftar vart forbigått - å samle rusk og rask av toppunkt har eg berre ikkje i meg merkar eg. Derimot såg eg ein liten reinflokk. Det var fint! Været var også nydelig, og det var deilig å få ein smak av det fine haustværet alle har snakka om!

Deretter var det 500 høgdemeter opp til Rindhatten, og det kjendest radig. Toppen var ganske flat, så eg måtte kike litt etter varden. På toppen 4 timar etter start. Dette må jo vere den mest utfordrande av 500pf-ane i Trøndelag. Den er jo nesten umogleg å oppdage! Fin utsikt var det i alle fall, særlig til Trollhøtta like ved og til Snota over dalen.

Rindhatten med Snota bak
Rindhatten med Snota bak
Trollhøtta frå Rindhatten
Trollhøtta frå Rindhatten

Om eg skulle vere heime til leggetid var det berre å kome seg avgarde. Det ante meg at utmarsjen kom til å vere dryg. Eg valde kanskje ei litt tungvindt rute ned frå fjellet, mykje stein. Deretter litt myrsafari for å finne Helgatunssætra - og no byrja eg å merke det i beina.

Ut frå Helgetunsætra var det meget fint tilrettelagt sti, og langt om lenge var eg tilbake til bilen. Det klokka inn på drøye 3 mil - ein lang tur i mi bok. Ser det er litt igjen til ein er på nivå med peakbook-proffane Skal ein på Rindhatten er dette vegen ein vil gå: byrje ved skiltet til Raudfjellet, og gå til Helgetunsætra. Deretter safari til toppen.

Dagens to toppar
Dagens to toppar

Ein kort stopp for burger i Rindal Sentrum, før straakaste veien til Tråndhjæm.

Her har dei skjønt det: bacon høyrer naturlig heime på ein burger. Uten den blir burgeren ensom
Her har dei skjønt det: bacon høyrer naturlig heime på ein burger. Uten den blir burgeren ensom
Start date 28.09.2019 10:00
(UTC+01:00 DST)
End date 28.09.2019 16:03
(UTC+01:00 DST)
Total Time 6h 02min
Moving Time 5h 43min
Stopped Time 0h 18min
Overall Average 5.0km/h
Moving Average 5.3km/h
Distance 30.5km
Vertical meters 2,339m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.