Blåfjellet og Furekleiva (05.07.2019)


Start point Navestøylen (303m)
Endpoint Navestøylen (306m)
Characteristic Jogging
Duration 2h 00min
Distance 8.0km
Vertical meters 832m
GPS
Ascents Blåfjellet (951m) 05.07.2019 22:31
Furekleiva (834m) 05.07.2019 22:31

Ny kveldstur, denne gongen med mål om å ta Furekleiva - ein nøkkeltopp på Eidalista. Ei liste som snart vil vere historie ved fødselen av Stadt kommune. Så kva dør passar denne nøkkeltoppen til då? Det er ikkje lett å svare på. Men så er jo også listesamling ein selsom aktivitet.

Hytta på Rindane, med Furekleiva bak
Hytta på Rindane, med Furekleiva bak

Vel vel, det er fint på fjellet - det er det viktgaste! Eg ville også stikke innom Blåfjellet på turen ettersom eg ikkje har vore her på sommarstid før, og heller ikkje gått frå frå Navestøylen - ein tur som ser veldig fin ut.

Varden på Blåfjellet, med Blæja bak
Varden på Blåfjellet, med Blæja bak
Felden, Klakken og Ljøsuregga med nysnø i Juli.
Felden, Klakken og Ljøsuregga med nysnø i Juli.

Det var den også, og sjølv om eg soknar til Stårheim på mange vis så må eg innrømme at Kjølsdølane har eit godt grep om turløyper. Stien startar ved ei lita bru over ein bekk, rett ved ei hytte. Mange stiar og skilt i området, og denne var ikkje skilta, men lett å følge når ein først har funne riktig. Deretter fin sti og fin utsikt oppover Rindane, deretter kort til toppen.

Blæja frå Blåfjellet
Blæja frå Blåfjellet
Ja no er det berre å smile i kveldssola! Gjegnen og Hesten/"Bukkenibba" bak
Ja no er det berre å smile i kveldssola! Gjegnen og Hesten/"Bukkenibba" bak
Fremst til bakerst: Høgeegga, Blåfjellet, Sollidkollen (til høgre) Lundavarden (Stårheim/Kjølsdalen); Kvassegga og Kårnyken (Isane); Gjegnen (venstre) og Bukkenibba/Høgefjellet; Punkt på Ålfotbreen, Plogen/Keipen lengst bak
Fremst til bakerst: Høgeegga, Blåfjellet, Sollidkollen (til høgre) Lundavarden (Stårheim/Kjølsdalen); Kvassegga og Kårnyken (Isane); Gjegnen (venstre) og Bukkenibba/Høgefjellet; Punkt på Ålfotbreen, Plogen/Keipen lengst bak

Flott utsikt frå toppen, Blåfjellet er ein framifrå utsiktstopp. Sat ei stund og såg på utsikta og bladde i boka før eg sprang over til Furekleiva. Då kom skodda, så deretter strakaste veg ned gaupeterreng til Ljådalsvatnet, og sti tilbake til Navestøylen. Denne runden vert nok finare om ein tek runden vidare til Duevatnet, og sti ned til støylen derifrå, men då vert det litt lenger.

Gjegnen er ein solid luftbrytar
Gjegnen er ein solid luftbrytar
Ein fin kveld på fjellet
Ein fin kveld på fjellet
Start date 05.07.2019 19:52
(UTC+01:00 DST)
End date 05.07.2019 21:50
(UTC+01:00 DST)
Total Time 1h 57min
Moving Time 1h 48min
Stopped Time 0h 9min
Overall Average 4.1km/h
Moving Average 4.4km/h
Distance 8.0km
Vertical meters 831m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.