Kveldstur til løsethornet og svartdalshornet (26.06.2019)


Characteristic Jogging
Duration 3h 00min
Distance 12.0km
Vertical meters 1,000m
GPS
Ascents Løsethornet (1,032m) 26.06.2019 22:44
Kvanndalshornet (941m) 26.06.2019 22:44
Svartdalshornet (960m) 26.06.2019 22:44

Kveldstur til to listetoppar i Hjelmelandsdalen. Sidan eg kom meg avgårde litt seint var hovedmålet Løsethornet.

Gjekk frå Lomtjønna, skilt merka mot Svartedalsvatnet. Stien kom og gikk litt, men vart tydeligare opp i lia. Frå Svartedalsvatnet fulgte eg næraste rygg rett opp. Litt buskbryting vart det, men fann ein grei veg opp. Holdt litt nord og opp ei grasrenne siste bratta. Denne såg litt bratt ut på avstand, men var heilt uproblematisk. Deretter fulgte eg eit snøfelt nesten heilt til topps, der eg kunne bla gjennom ei bok med høg peakbook-faktor :-) Interessant for toppsamlarar dette fjellet, mindre besøkt av andre. Bedre enn sitt rykte vil eg seie.

Lite utsikt frå Løsethornet
Lite utsikt frå Løsethornet
Nei, det er ingen ting å le av...
Nei, det er ingen ting å le av...
Men det er berre ei anledning til å sjå  det vakre i dei små ting
Men det er berre ei anledning til å sjå det vakre i dei små ting
Her er grasrenna eg gjekk. Litt til venstre når ein kjem opp til det bratte området.
Her er grasrenna eg gjekk. Litt til venstre når ein kjem opp til det bratte området.

Det kom skodde sigande, så eg slo frå meg Svartdalshornet og byrja på nedturen. Men då det letna litt ned i bakkane vart freistinga for stor, og eg drog meg over Tverregga og opp Svartdalshornet. Fint løpeterreng!

Mot Kvanndalshornet og Svartedalshornet, med Svartedalsvatnet i framgrunnen.
Mot Kvanndalshornet og Svartedalshornet, med Svartedalsvatnet i framgrunnen.

Inga bok på toppen av Svartedalshornet. Deretter ned sleipe grasbakkar til Svartedalsvatnet og tilbake til bilen. Fin runde!

Tilbake mot Løsethornet, med Keipen lurande bak.
Tilbake mot Løsethornet, med Keipen lurande bak.
Start date 26.06.2019 19:29
(UTC+01:00 DST)
End date 26.06.2019 22:29
(UTC+01:00 DST)
Total Time 3h 00min
Moving Time 2h 42min
Stopped Time 0h 18min
Overall Average 3.8km/h
Moving Average 4.2km/h
Distance 11.3km
Vertical meters 1,200m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.