Opning av isklatresesongen 2017-18 på Kongsvollfossen (11.11.2017)
Visits of other PBEs | Kongsvollfossen (1,270m) | 11.11.2017 |
---|
Det byrjar jo omtrent å bli tradisjon med sesongstart på Kongsvollfossen. Fekk med Arve og Mats. Stoppa på VPG for det aller mest nødvendige, før vi svusja opp i Drivdalen.
God is, fint vær og god stemning. I dag prioriterte vi kos framfor frykt og ekstremsport. Først litt scrambling, så dei to første ordinære lengdene løpande, før eg fekk uttoppinga, som i dag var lett.
Deretter retur, berre med stopp på Oppdal Bakeri for det aller mest nødvendige. Og ein nødstopp på polet for innkjøp av sterkøl. "Sterkøl er jo det aller mest nødvendige" meinte Arve.
User comments