Joikastemning på Snøhetta-traversen (29.07.2017)
Start point | Snøheim (1,474m) |
---|---|
Endpoint | Snøheim |
Characteristic | Alpine climbing |
Duration | 7h 00min |
Distance | 16.0km |
Vertical meters | 1,230m |
Map |
Ascents | Snøhetta (2,286m) | 29.07.2017 18:09 |
---|---|---|
Snøhetta Midttoppen (2,278m) | 29.07.2017 18:09 | |
Hettpiggen (2,261m) | 29.07.2017 18:09 | |
Snøhetta Vesttoppen (2,253m) | 29.07.2017 18:09 | |
Visits of other PBEs | Snøheim (1,474m) | 29.07.2017 18:09 |
Snøhetta fra Snøheim (2,000m) | 29.07.2017 18:09 |
Først ei lita omgrepsavklaring: Joika er eit uttrykk som i klatrekrinsar blir brukt for koseklatring. Ein kan vere joika - ein person som vil kose seg på klatring. Og ein kan ha joikastemning - enkel klatring som berre gir god stemning. Dette er i utgangspunktet positivt, men det kan ha ein nedsetjande undertone om klatrarar som berre vil ha kos og aldri utfordring. Som når kaffipausa og kassegitaren går på bekostning av prestasjonane i veggen. Vel vel, i denne samanhengen er joikaomgrepet berre positivt: dette var ein veldig koselig tur!
Denne helga hadde plutselig både eg, erlando (Erlend Hassel) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand) halvannan dag ledig. Det er tida ein treng for å kome seg rundt Snøhettatraversen og framleis ha litt marginar.
Vi køyrde til Hjerkinn fredag kveld, og etter ein tur på Viewpoint Snøhetta sette vi opp lavvoen og tok kvelden.
Morgonen etter var det berre såvidt vi fekk plass på bussen inn til Snøheim. Etter intense diskusjonar om vektsparing, tok vi med oss det aller mest nødvendige, inkludert alt for lite vatn, og fulgte folkestraumen mot stortoppen. Skodda låg tjukk over Snøhettamassivet, men det skulle letne utover dagen.
Vi var på toppen etter to timar. Her var det sur vind og tjukk skodde, og eg misunte ikkje dei som berre hadde gått opp hit for å gå nedatt. Vi tok ei skjeve, og rusla mot midttoppen. Fint bort hit, og her byrja sola å bryte gjennom.
Om eg berre skulle på Snøhetta så hadde eg prioritert ein tur bortom midttoppen - her får ein ei mykje bedre utsikt over det flotte alpine området!
Enkel men litt laus klyving ned til skaret mot Hettpiggen. Herifrå var det greit å sjå rampa der klatringa går. Vi brukte isøks over ei litt ekkel snørenne, før vi kløyv opp til innsteget, der Erlend racka opp. Det er to lengder til hettpiggen, ei med grad 2 og ei med grad 3.
Erlend ekspederte første lengde ganske kjapt, og når vi kom opp såg vi at vi allerede var på toppen av Hettpiggen. Det vil seie at vi hadde klyve rett opp til andre lengde og berre klatra den. Det var heilt uproblematisk.
Herifrå rusla vi ned til rapellfestet, som såg ut som solide saker satt opp for guiding. Vi backa opp med ei slynge, før Andreas og Erlend rappellerte av samtidig. Eg tok av backupen, og la tauet godt vekk frå ei lita sprekk som visst nok kan gjere det vanskelig å få ned tauet. Eg rappellerte så heilt til skaret, og vi drog tauet lett ned.
Deretter gikk vi bort eit galleri til vi fann innsteget til vesttoppen. No var utsikta kjempefin over Knutholstindane, Sunndalsfjella og Leangstinden. Nydelig! Varmt var det også. Vi tok stein-saks-papir om kven som skulle få cruxlengda (4+), og den fekk eg.
Først var det opp eit lite dieder før ein kom opp på eit slags hyllesystem - greit bortover her. Så kjem ein til 4+opptaket. Her var det våt stein og ganske gjørmete inne i risset. Alle tak var feil veg, og ein må smøre godt for å kome seg opp, så dette var faktisk litt småtricky for ein som ikkje er så van med stivskoklatring og klisjblaute forhold. Men etter litt fundering drog eg meg gjennom, og rett etter kom eg til den beskrivne standplassnisja. Det var fristande å gå vidare sidan eg berre hadde klatra i 20m, men så kom det utrop nedanfrå "æ åsså vil lede!", så eg sette standplass og tok opp dei to andre. Til min lettelse såg eg at dei også knøda på cruxet.
Andreas tok neste lengde, som byrjar opp eit sva til venstre for stand og inn på ei hylle. Då svaet skulle til pers fikk vi litt snø, så han fikk bryna seg litt han også! Deretter greit opp hylla, og gjennom eit opptak som var beskrive som ein kamin i føraren. God standplashylle ovanfor denne.
Deretter kom kanskje den finaste klatringa på turen, nemlig den enkle klyvinga bort til toppen. Denne gikk vi løpande, og den var rett og slett veldig fin!
På Vesttoppen letna skodda og det vart riktig så fint! Litt lunch og bilete her. Vi tok Larstind i augesyn - søraustryggen er ei naturlig fortsetjing på traversen sidan den heng naturlig saman med Snøhetta-ryggen. Men sidan vi ikkje hadde beta eller svasko så lot vi denne vere for i dag. Sidan har vi fått opplyst at det er to taulengder med femmarklatring opp her, om ein finn ei grei linje. Det får bli neste gong!
Det vart trasking tilbake til snøheim for middag. Det fikk vi ikkje då det vart fullt.Vi vart også opplyste om at det vanligaste no var å gå traversen frå vesttoppen til hovedtoppen. Då blir det enda mindre klatring. Akkurat då vi trudde vi var joika, så måtte vi sjå oss slått av dei som virkelig KAN koseklatring, altså.
Vel vel. Det er etter sigende mykje god mat i øl, sjølv om brettspelferdigheitene moglegeins vart litt skadelidande etterpå.
På bussturen ut såg vi til alt overmål moskus!
User comments
Der satt'n!
Written by SturlaS 31.07.2017 11:18Grattis med fin tur over!
Stivskoklatring er kult.
Sv: Der satt'n!
Written by kobbenes 31.07.2017 15:06Absolute alpine ;-)
Missing title
Written by AndreasNordstrand 30.07.2017 23:11Takk for turen Kris! Underholdende rapport:-)