Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (5)
- Backcountry skiing (1)
- Randonnée/Telemark (4)
-
Trip by foot (11)
- Alpine trip (5)
- Hike (1)
- Hillwalk (4)
- Jogging (1)
Peakbook-Friends
Mykkeltveitveten
- Date:
- 13.09.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 11.5km
Flott topp- og treningstur til Mykkeltveitveten i 20 grader og sol i midten av september.
Start frå Hagen, via Hagenstølen, litt vidare til den gamle løa som er delvis demontert og deretter rett til topps. Noko sti og dyretråkk elles lettgått terreng. Turen gjekk vidare via Kyrabotn, til stølane på Selset og Flaga- og Svangastølen før retur til Hagen igjen.
Her er det berre å venta på vinteren og ta skia fatt for ein glimrande topptur.
Nydeleg topptur til Mjølkedalstinden- via sør renna
- Date:
- 05.09.2014
- Distance:
- 27.0km
Eg og Atlas, ein smekker flott Berner Sennen, tok sikte på Mjølkedalstinden denne dagen. Start ved Eidsbugarden og full fart mot Store Mjølkedalsvatnet. Det synte seg å verta ein fabelaktig flott dag for topptur i Jotunheimen - vindstille, sol og eit snev av haust.
I underkant av to timar var vi ved stiskille til Olavsbu og Skogadalsbøen ved Snøholsvatnet og Mjølkedalstjørni. Her tok vi rake vegen mot pkt 1843 og vidare mot foten av fjellet som openberra seg.
Svært mange inntørka tjørn og lite snø gjorde hunden mindre begeistra. Fekk raskt lokalisert renna på sørsida som ser noko ugjestmild ut frå dette nivå. Oppover ura gjekk det raskt men ettersom det vart i brattaste laget takka turfylgjet mitt for seg ved 1950 moh og sette seg ved standplass og passa sekken. Då var det berre >>>