Petrias 553 moh, Chora, Serifos, Hellas (26.07.2017)


Characteristic Hillwalk
Duration 3h 49min
Distance 12.1km
Vertical meters 650m
GPS
Ascents Petrias (553m) 26.07.2017

Eg klarte ikkje å finne ein brukbar sti opp på det fjellet eg hadde sett på i dagesvis, kun tornete busker og moras! Men ved å gå der det gjekk an å gå kom eg meg opp på eit anna fjell! Det må vere nokre hardbarka slitarar som har budd på denne tørre og karrige øya. Kilometer på kilometer med steingjerder og terrasser oppover bratte skråninger. Små steinhus og geiteskjul på utilgjengelige plassar. Skal tru kva dei har dyrka i tillegg til oliven? Det kan ikkje vere mykje mat å finne for folk og fe i tornekrattet? I eit elles uttørka, bratt elvegjel var der ein liten dam. Og der var det skilpadder! Det var ein stor overraskelse! Kven hadde trudd at det var mulig?! Etter kvart gjekk eg forbi det vesle administrasjonssenteret på Serifos som heiter Chora. Her klamrar dei små kvitkalka husa seg fast i skrentane rundt ein liten fjelltopp. Kanskje var det tryggare her i urolige tider når sjørøvarar herja i Egeerhavet? Frå Chora er det murt opp ein liten, men imponerande eselveg i den bratte fjellsida opp til eit lite skard der det er satt opp eit lite kapell. Det er lagt ned eit god stykke arbeid i denne vegen slik at esel og muldyr kunne slite seg opp med materialer for å bygge dette kapellet. Her gjekk eg opp på to småtoppar med flott utsikt ned mot Chora og havnebyen Livadi der vi bur. Etter det gjekk eg opp på den høgaste toppen som heiter Petrias og er 553 moh. Her var utsikta enda betre! Frisk vind på heile turen gjorde sitt til at det ikkje blei for varmt. Frå Chora jogga eg rolig ned til familien som kosa seg på stranda i Livaldi. Her blei turen avslutta med eit deilig bad i sjøen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.