Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (2)
- Other trip (1)
- Ski trip (2)
Favourite trips
Favourite peaks
Brendeåsen og Heida
- Date:
- 06.08.2019
Fin kveldsrunde med Gunn C. Spesielt lys og fine fargar i kveld.
1.Utsikt mot Rovde med Velsvikskåla og Skåratinden
2.Utsikt mot Leikong
3. Liadalsnipa zooma inn gjennom Kleppefurene
Storsteinsfjell
- Date:
- 03.08.2019
- Distance:
- 6.1km
Ei kjempefin runde i spennande terreng til Storsteinsfjell.
Først på fin sti opp gjennom skogen. Lettgått slik det gjekk fint både for store og små i sommarvarmen. Frå varden på Storsteinsfjell vidare på svaberg til Utsikten som levde opp til namnet sitt. Vid utsikt over den flotte Lierdalen og heilt inn til Oslo og i syd mot Drammen.
På returen leita vi opp Himmelsenga, som er ein hellar i fjellsida nedanfor.
Eit variert og spennande landskap å gå denne vegen heimatt. Eit par bratte passasjer ved Svarttjerna, noko som bidro til å auke motivasjonen for dei yngste på ofte kjedelege heimfartar.
Med på tur : Lisbeth, Siri, OleJ, Ulrik, Herman, Ørjan og Gunn C
Furuåsen og Hovdehytta-Asker
- Date:
- 31.07.2019
- Distance:
- 4.7km
Start frå Solli gård. Runde i skogen og til Hovdehytta. Toppen Furuåsen, ein bortgøymd knaus inne i skogen, var ikkje lett å oppdage. Må vel ha ei sær interesse for å gå av stien for å finne den toppen der.
Fin utsikt frå Hovdehytta og spennande retur ned skogen til vegen igjen. Med på tur: Lisbeth, Siri,Ole J,Ulrik, Herman og Gunn C.
Fin og lettgått runde.
Nordbykollen-Drammen
- Date:
- 30.07.2019
- Distance:
- 2.6km
Kveldstur i Drammen saman med Ole J. Fin runde med utsikt mot Drammen frå toppen, og mot Drammensfjorden frå eit utkikspunkt på sørsida.
Laupsnipa
- Date:
- 24.07.2019
- Distance:
- 9.6km
Flott tur til Laupsnipa i dag.Heilt vindstille på toppen. Oppgang frå Voldneset. Bratt og flott, dette er absolutt ei favorittrute. Med på tur i fineveret var GunnC
Blåhornet-Eidsdal
- Date:
- 22.07.2019
- Distance:
- 5.2km
Fin familietur i lettgått terreng med fantastiske omgjevnader.
Rampestreken
- Date:
- 20.07.2019
- Distance:
- 3.5km
Spennande tur til
Rampestreken-Åndalsnes. Heile familien med på tur. Nokre stadar brattere sti enn eg trudde, men det var fin utfordring for gjengen.
Mykje folk på veg opp og ned. Til og med kø for å kome oss ut på Rampestreken
Klosterfjellet/Kamben
- Date:
- 19.07.2019
- Distance:
- 1.3km
Ein idyllisk liten kveldstur med flott skue over fjorden. Med på tur Gunn C
trackWeight normal|trackColor #FF0000|framed|900px
Helgehornvatnet
- Date:
- 16.07.2019
- Distance:
- 3.2km
Etter å ha vore på peridot-skattejakt, så følgde vi traktorvegen til idylliske Helgehornvatnet. Gjekk langs sydsida av vatnet til Eurekavatnet, eit mindre fjellvatn omgitt av olivinstein. Eit spesielt landskap. Venta berre på apache-indianarane!
Artig for alle å gå hit.
