Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Raudgrøtegga, Eid, 864 moh
- Date:
- 23.04.2016
Randonneetur i skiftande lys...Ein del nysnø og roten snø under, så nederste stykket var tung materie ned att! Men herleg tur, likevel. Med Kåre.
Skårhaug - Fossane, Eid, 630 moh
- Date:
- 17.04.2016
Trugetur med Anne Tove. Vekslande sikt, særleg ned att til Fossane...
Glitteregga, Eid, 1297 moh
- Date:
- 10.04.2016
Fantastisk varm dag på fjellet, der sola regelrett steikte oss oppe i bakkane... Første gongen på randonnee opp dit, første gongen på randonnee i år og første gongen med den traseen. Tungt for meg oppover, men desto lettare ned att! Med Anne Tove og Konrad.
Støyvastøylen - Skavegga sør - Instevarden, Breim, 1057 moh
- Date:
- 09.04.2016
Hadde tenkt oss på ski, men enda opp uten... Fin dag, med ganske fast snø. Gjekk "sommarruta" opp via Tvilliingevarden, over Skavegga sør og ned til Instevarden. Same veg tilbake, med mamsa.
Gravset - Oset, Gol
- Date:
- 02.04.2016
Slarverennet på ski for første gong! Skulle eigentleg gå frå Hemsedal til Gol (30 km), men pga vind i fjellet blei traseen flytta. Vi starta difor på Gravset og gjekk 23 km til Oset. 2500 damer tok turen! Mykje klabb og bakglatt, men og periodar med ok ski... Med Jeanett.
Vedviknibba, Eid, 729 moh
- Date:
- 30.03.2016
Herleg ettermiddagstur på Vedviknibba, på truger. Opp og ned frå Tua.
Fløtravarden, Gloppen, 869 moh
- Date:
- 24.03.2016
Sette att skia i dag, og gjekk på føtene... Var veldig blindeføre, så det var visst eit ok val! Med mamsa.
Svartebotnen, Gloppen, 1030 moh
- Date:
- 23.03.2016
Skitur i Botnen med mamsa i strålande påskeveir :) Massevis av folk innover...
Fossane, Eid, 630 moh
- Date:
- 19.03.2016
Trugetur på Fossane med Torhild. Varierande ver, med litt yr og snø, vind på toppen. Likevel herleg å kome seg ut litt! Var glad vi hadde truger, for det var ein del roten snø der vi ville ha trakka gjennom...