Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Naustdalskamben, Eid, 493 moh

Date:
21.02.2019

Eg og Torhild S gjekk denne gongen frå parkeringa i Remmedalen, på merka sti gjennom ein skog og opp på skogsvegen, vidare til stien frå Bjørhovde. Litt tåke på toppen, men sola titta gjennom mot slutten av turen. Vi hadde med tang og bok til T-tur og -turbotrim MNT.

Snøfjellet, Breim 1006 moh

Date:
27.01.2019

Årets første skitur :) Flotte løyper på Varden og vidare utover på Snøfjellet. Einaste minuset var glien nedover... Skia sat godt oppover, og mamsa sine ski hadde ok gli og. Sånn går det, når ein ikkje tek vekk gammal smurning... Sol og mykje folk på Utviken.

Map    

Vedviknibba, Eid 729 moh

Date:
25.11.2018
Distance:
2.4km

Trackingen fønka ikkje i dag, heller... Men fin ettermiddagstur på Vedviknibba med Torhild S.

Map    

Vedviknibba, Eid 729 moh

Date:
18.11.2018
Distance:
1.8km

Eg og Sunniva skulle opp for å ta GPS - spor, men fekk det ikkje til å fungere... Men magisk å vere over tåka :) Var ikkje mykje vi såg av Eid, men vi kom over tåka ganske raskt. Vi gjekk den merka stien frå Tua og inn vegen, så opp lia.

Map    

Bjørnaskarnakken, Eid, 610 moh

Date:
03.11.2018

Eg gjekk frå Hanshjellen og opp på Bjørnarskarnakken i bra vind og litt regn + litt snø på toppen... Men når ein har i oppdrag å hente inn bok og kasse, så må ein berre ut, uansett ver. Vart eigentleg ein fin tur :)

Map    

Grimeskarvatnet, Eid, 505 moh

Date:
26.10.2018

T-tur til Grimeskarvatnet: både Gloppen og Eid komplett for 2018! Det var frose på, så enkelte stader måtte eg trå varsomt... Eg skulle og ta inn bok, tang og kasse.

Map    

Segestad - Glomnessætra, Stryn, 314 moh

Date:
20.10.2018

Fellessamling SFT. 9 stk av oss hadde morgontur opp til garden Segestad og vidare innover dalen, over elva og tilbake forbi Glomnessætra. Tåka letta etter kvart, slik at vi fekk sett på utsikta på tilbaketuren.

Map    

Randasætra - Glittereggja, Eid/Stryn, 1297 moh

Date:
11.10.2018

T- tur med mamsa i nydeleg haustver. Det låg ein del snø oppe.

Map    

Trivselsskogen: Holvikfossen - Utsikten, Gloppen

Date:
30.09.2018

Opning av TIN- camp: Trygg i naturen. Eg og mamsa benytta anledningen til å gå runda opp til Holvikfossen - Utsikten først. Sjølvsagt måtte det byrje å pissregne, akkurat då opninga var...

Snøgjøltinden, Volda, 927 moh

Date:
09.09.2018

T-tur til Bauvatnet og vidare til Snøgjøltinden. Eg gjekk stien inn/ut frå Heida. Derifrå gjekk eg berre rett opp bakkane til toppen. Traff på jegrar undervegs, men dei skulle jakte andre vegen... Kom skikkeleg vind og regnbyge på toppen, som gjekk over, heldigvis!

Map