Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Imlil - Toubkal Refuge, ca. 3200 moh
- Date:
- 29.06.2024
Marokkotur dag 4: Vi forlot landsbyen Imlil, for å gå siste etappe før toppturen. Vi gjekk oppover på god sti, gradvis opp høgdemeter. På vegen var vi innom pass-sjekk og ein pilgrimsstad: Sidi Chamharouch, der muslimar kom for å be og legge frå seg stein ved den den kvite, heilage steinen der. Vi hadde juice- og bruspause der, før vi tråla oss oppover svingane til lunsjpausa, på Dou'tidmirit.
Siste delen opp til Base camp gjekk vi på slakk stigning oppover til ca.3200 - Toubkal Refuge base camp. Totalt ca.1450 høgdemeter. På Toubkal refuge hadde vi overnatting på sovesal. I utgangspunktet greit, med 13 stk på 24-mannsrom. Problemet var nokre som lata att vindauga... Vi hadde lite nok luft i utgangspunktet, så det vart minimalt med søvn... Opp midt på natta, for å nå toppen.
Tamguist - Imlil, Marokko, ca. 2300 moh
- Date:
- 28.06.2024
Marokkotur dag 3: Vi byrja denne dagen med å gå gjennom utkanten av landsbyen Tamguist, ned og over elva og opp sti på andre sida, deretter på veg oppover til passet (Tizi n'Tamatert), ca. 2300 moh. Der kjøpte vi brus, hadde ei lita pause, før sti nedover mot Imlil. På vegen hadde vi lunsjpause i skyggen av eit tre. I Imlil hadde vi resten av dagen til å sjå oss rundt og til å slappe av ved bassengkanten... Etter ei stund ko eine guiden, Mustafa, og sa at han måtte forlate oss, grunna familiære årsaker. Så då var det Hassan som skulle guide oss vidare åleine.
Agadir - Tamguist, Marokko, ca. 2950 moh
- Date:
- 27.06.2024
Marokkotur dag 2: Dagen byrja med tåke, som forsvann nedover etter kvart, så vi fekk sett landskapet skikkeleg! Stien byrja rett oppover, til eit nytt pass (Tizi n' Oukaïmeden) ca.2700 moh. Så nedover til skianlegget (!), Nord-Afrikas høgste og største skianlegg Okaïmeden. Der var det og eit observatorium av stjerner etc. Vidare på sti, deretter grusveg, opp til nytt pass (Tizi n'ou Addi) ca. 2950 moh, der vi hadde lunsjpause. Det vart litt langt før matpause, men vel verdt strevet! Etter ei lang pause, vart det ganske bratt på sti nedover fjellsida, til landsbyen Tamguist, der vi overnatta.
Imi Ouglad - Agadir, Marokko, ca.2100 moh
- Date:
- 26.06.2024
Vandretur i Marokko dag 1: På flyplassen fekk vi (eg og Elin) vite at to stk. til skulle vere med på turen. Det komiske var at dei og var frå Eid: Lise og Harald Rosø.
Vi byrja turen i Imi Ouglad, med å få lasta bagasjen vår på muldyr.. Så bar det oppover sti og over eit lite pass, på ca. 1600 moh. Vi gjekk gjennom landsbyen El Bour, som bar tydeleg preg av jordskjelvet i fjor haust.. Vi hadde lunsj i lya vnokre tre ved elva, rett ved landsbyen Tinourhar. Så gjekk vi vidare gjennom landsbyen Tidli og opp til Agadir, der vi overnatta. Delvis på veg, delvis på sti. Tåke på slutten, så vi var spent på neste dag! Ca. 15km tur.
Kinn
- Date:
- 23.06.2024
Tur til Kinnaspelet med mamsa og pappsen. Grunna dårleg tid, vart det ikkje tid til å gå opp i Kinnaklova...
Høgehaugen, Gloppen, 728moh
- Date:
- 13.06.2024
Stad gålag på tur til nabokommunen Gloppen. Vi gjekk i lag med 5 stk. frå Gloppen, 20 stk. totalt.
Første mål var Høgehaugen. Vi parkerte litt ovanfor Sandsstøylen og følgde skogsvegen eit stykke. Deretter tok vi opp stien til toppen. Tåka kom og gjekk, men berre så vidt nokre regndropar. Det letta etter kvart opp, så vi såg inn til Sandane. På tilbakevegen stoppa vi bilane nede ved Sandsstøylen, og gjekk til Russehola, der vi fekk informasjon om staden frå kjendtfolk.
Kristianmyrvatnet, Bjørkedalen/Volda, ca. 450 moh
- Date:
- 06.06.2024
Stad gålag, med 25 stk. på tur i regnveret.. Vi parkerte før brua i Laurdalen. Godt merka, men ganske vått i terrenget, i tillegg til regnet... Heldigvis slutta det å regne då vi kom opp til Kristianmyrvatnet. Faktisk såg vi så vidt i sola. Etter turen var vi nedom og såg på oppgangssaga i Bjørkedalen.
Erdalsætra, Vetledalsætra Stryn, 518 moh
- Date:
- 01.06.2024
"Familietur"i Erdalen, Stryn. God og fin sti innover til Erdalsætra og Vetledalsætra. Den siste er der dei går vidare, når dei går Josten på langs. Det var og her Gjert og Monsen kom ned, då dei var på tur i området..
Lotsbergnibba, Eid, 817 moh
- Date:
- 29.05.2024
Ny, fin tur med Stad gålag, i varmt og fint ver. 19 stk. på tur, flott utsikt og god stemning,
Midtresholten, Gloppen,
- Date:
- 25.05.2024
Eg, mamsa, tante Sissel og Elin testa ut T-tur i Gloppen, for mogleg gålagstur neste år. Fin tur, bra utsikt og passe lengde. Vi gjekk ein rundtur, frå parkeringa nær Fitjevårstøylen, opp til toppen og rute ned att på andre sida, etter kvart samanfallande med stien frå Arnestadfjellet.