Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Flølostøylen/Øvresetstøylen, Breim
- Date:
- 14.04.2019
Labbetur til Flølostøylen med mamsa, i delvis laus snø... Litte snø på Utviken, men ein del på vegen..
Fossane, Eid, 630 moh
- Date:
- 13.04.2019
Ettermiddagstur på Fossane med Anne Tove. Årets første tur opp hit, for min del... Kunne gå nesten tørrskodd heile vegen.
Steinamannen - Vindfyllekollen, Eid, 733 moh
- Date:
- 12.04.2019
Kveldstur med Inger Janne - opp med tang og bok, T-tur Eid 2019. Herleg å vere ute slike kveldar, og ypperleg start på påska!
Vi parkerte på plassen under Erviknobba og følgde merka sti til støylane. Så gjekk vi rett opp bakken til Steinamannen. Litt snø opp der. Vidare gjekk vi ned, bortover og opp til Vindfyllekollen, der IJ fekk fin utsikt til Davik.
Tilbake gjekk vi ned langs ryggen, på sida av Steinamannen, tilbake til støylane, og følgde same ruta tilbake til bilen.
Melnyken - Blåfjell - Stallbrekka, Vågsøy, 470 moh
- Date:
- 05.04.2019
- Distance:
- 4.3km
Vi hadde ein dag fri før styremøte på Kråkenes fyr, SFT. Den dagen vart nytta i strålande sol og vindstille på Kvalheim, til å få med seg nokre toppar dar.
Vi gjekk frå vegen ved Ongelsvatnet, opp til Melnyken og over og rundt ryggen ned til Kvalheim: Blåfjellet, Stallbrekka og ned. Tilbake tul bilen måtte vi gå eit stykke på vegen... Med Siv Merete.
Movatnet, Eid, 422 moh
- Date:
- 15.03.2019
Skidag med 8.trinn. Jammen kom sola fram og. Omlag 20 stk gjekk inn til Movatnet. Etterpå hadde vi diverse skileik og grilling på Tua.
Skårhaugsnakken, Eid, 656 moh
- Date:
- 09.03.2019
Trugetur med Anne Tove. Vi gjekk til fots opp til Skårhaugssætra, der vi tok på oss truger. Det klabba litt under skoa opp/ned skogen... Ok å gå frå sætra. Då vi kom oppover, byrja det å blåse ganske mykje, så i staden for å ta turen over til Fossane gjekk vi opp til Gautevatnet, rundt og opp på Skårhaugsnakken og ned att i sporet til sætra igjen. Fekk utforska nytt terreng...
Ossætra, Eid, 422 moh
- Date:
- 06.03.2019
Eg og Anne Tove fann ut at det var bert nok til å gå på Ossætra. Ned att ville vi prøve stien over brua, ned Åshammaren og skogsvegen der. Stien var merka og heilt ok å gå, men eg foretrekker nok å gå den vanlege stien...
Maragjølsætra/Rotisætra, Eid, 497 moh
- Date:
- 03.03.2019
Eg og Torhild S med ny T-tur og bok/tang pluss postkasse. Vi gjekk frå toppen av skogsvegen på Skauset og følgde stien heilt opp.
Naustdalskamben, Eid, 493 moh
- Date:
- 21.02.2019
Eg og Torhild S gjekk denne gongen frå parkeringa i Remmedalen, på merka sti gjennom ein skog og opp på skogsvegen, vidare til stien frå Bjørhovde. Litt tåke på toppen, men sola titta gjennom mot slutten av turen. Vi hadde med tang og bok til T-tur og -turbotrim MNT.
Snøfjellet, Breim 1006 moh
- Date:
- 27.01.2019
Årets første skitur :) Flotte løyper på Varden og vidare utover på Snøfjellet. Einaste minuset var glien nedover... Skia sat godt oppover, og mamsa sine ski hadde ok gli og. Sånn går det, når ein ikkje tek vekk gammal smurning... Sol og mykje folk på Utviken.