Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Bladet, Mohns Topp, 1340 moh
- Date:
- 24.09.2017
- Distance:
- 7.3km
Peakbooktreff i Sæbø. Vi var heldige og fekk plass på tur søndagen og, til Molladalen. Vi gjekk opp og ned stien frå parkeringa i enden av vegen ved Barstadsætra. Det var strålande sol heile vegen opp. Vi gjekk opp Mohnsrenna, der vi måtte på med hjelmane pga. rasfare (stein). Då vi kom opp til Bladet, var det ganske lang ventetid, så 4 av oss i følget gjekk på Mohns Topp medan vi venta. Der var det litt luftig! 500fjell var turleiar - han gjorde ein god jobb! Eg prøvde klatring og rappellering for første gong - spennande!! Er ganske stolt av at eg kom med heilt opp på toppen, sjølv om det var ganske vanskeleg då det nærma seg toppen.
Saksa, Ørsta, 1073 moh
- Date:
- 23.09.2017
- Distance:
- 6.2km
Peakbooktreff i Sæbø. Jentetur på Saksa, med 4 andre spreke damer :) Nydeleg ver og jamt, fint tempo. Vi fekk med oss begge toppane (alle 3), så det var eg godt nøgd med! Vi gjekk opp/ned hovudstien og trappene frå Urke. Med Jeanett, Cathrine, Ann Cecilie og Hilde.
Slogen, Ørsta, 1564 moh
- Date:
- 22.09.2017
Peakbooktreff på Sæbø. Fint turver og tempo - få pausar, men heller jamt tempo. Vi var 10 stk i følget og gjekk opp og ned frå parkeringa på Øye. Ingen problem opp, men nedturen i skogen kunne godt vore halvparten så lang...
Keipen i Bjørkedalen, Volda, 944 moh
- Date:
- 13.09.2017
Rekognoseringstur til Keipen med Konrad. Eg måtte gå turen no, sidan eg skal vere guide dit i oktober... Vi betalte bompengar for å kunne parkere ved Lisjevatnet. Fin sti, men nåke vått.
Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh
- Date:
- 09.09.2017
Trimtur med mamsa, opp og ned trappene til Støyvastøylen. No er visst hausten komen...