Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Briksdalen - Kattanakken, Stryn, 1458 moh
- Date:
- 09.08.2015
Luftig tur, med høgt ned, høge klyv og mykje vind.. Likevel ein spektakulær tur :) Med Anne Tove, Konrad og Håvard.
Brekka - Svartdalshornet - Alsakersætra - Holten, Eid, 960 m
- Date:
- 08.08.2015
Sette ein bil på Brekka og gjekk heim att... Gjekk forbi Svartevatnet, opp Grimeskaret og vidare opp på Svartdalshornet. Ned att gjekk vi ned ryggen via Grønlidnibba til Alsakersætra og heim att vegen/stien til Holten. Grei tur: ok, men skiftande ver. Med mamsa og Torhild S.
Navestøylen - Kv.egga/Blåfjell - Furekleiva, Eid, 951 moh
- Date:
- 03.08.2015
Vi byrja på Navestøylen i Kjølsdalen, gjekk opp Rindane til Kvanndalsegga/Blåfjell. Vidare gjekk vi ned og opp til Furekleiva. Pga. regn ville vi droppe å gå over til Dua, så vi tenkte å sjå om vi kom oss ned på sida av Furekleiva, frå Gavlen. Der fann vi ein sauesti som gjekk på tvers, deretter ned bakken og ned ura. Så vi kom oss faktisk ned... :) Med Anne Tove.
Nosa - Skeistrandhesten - Hyeneshesten - Gåsa, Gloppen,1276m
- Date:
- 02.08.2015
Vi starta ganske tidleg, og brukte 10,5 time ned att til Skjerdalen, der vi hadde båtskyss. Eigentleg skulle vi gå over alle Skjerdingane, men pga. regnver la vi turen rett over mot Gåsa. På vegen dit letta det att, så då gjekk vi mot Hyeneshesten. 3 av oss gjekk over til Skeistrandhesten, sidan vi likevel var så nær, deretter på Hyeneshesten.. Fantastisk flott utsikt :) Litt tåke av og til, men stort sett bra! På veg ned att tok 7 av turen oppom Gåsa, sidan det var kort veg frå stien ned mot Skjerdalsbotnen.
Blåfjell- Løysingevasseggene-Trongedalsnipa..., Eid, 951 moh
- Date:
- 28.07.2015
Langtur med mamsa i fineveiret :) Gjekk opp/bort til Ytre Fannstøylen, opp Blåfjellet (Store-), vidare over til Løysingevasseggene, ned til Løysingevatn, opp på Trongedalsnipa og ned att på andre sida til Løysingevatn, for til slutt å gå over Trongedalsnipa vest for... og ned til demninga, ned stien tilbake til Fannstøylen... Phu! Så vidt over sju timar, med pauser. Brukte litt tid opp Blåfjellet, fordi stien forsvann her og der... Men opp kom vi!
Dunheia, Breim, 1165 moh
- Date:
- 26.07.2015
Endeleg litt fint ver :) Gjekk opp frå Hetlestøylen/Kålsstøylen. Hadde sti ei stund, men så forsvann den.. Fann den att lenger oppe. Tur med mamsa.