Èze - Mont Bastide - Èze-Bord-de-Mer, 570 moh (03.08.2022)
Buss til Èze village og vandring der. Liten landsby oppetter ei side, med nyare landsby på andre sida nedanfor. Så kryssa vi ei bru og opp stien til toppen av Mont Bastide, 570 moh. Såg ganske langt i alle retningar - fin tur! Ikkje kaldt denne dagen, heller... Gjekk ned att til Èze-bord-de-mer, nede ved sjøen. Tenkte å bade der, men der kunne ein ikkje bade då, så vi måtte ta bussen tilbake og bade i sjøen ved Villefranche-sur-mer. Ikkje så veldig avkjølande, men deileg, likevel!
User comments