Rausetst. - Steinsvorn. - Berd.egga - Ry.st, Gloppen, 1229m (24.07.2019)


Map
Ascents Steinsvornykane (1,229m) 24.07.2019
Visits of other PBEs Berdalsegga 24.07.2019

Lang og varm tur på Sørstranda i Gloppen med mamsa. Vi parkerte nedanfor Rausetstøylen og gjekk stien opp til Støylen. Vidare fann vi ein tydeleg sti, og gjekk oppover/utover til elva. Så følgde vi elva opp til nokre små vatn og fortsette opp på Steinsvornykane. Derifra såg vi innover Hyefjorden. Turen gjekk vidare innover høgda, og dette var ein god del lenger enn vi trudde... Men til slutt kom vi no til Berdalsegga (og kalla Morafta, sjølv om dette på kartet er noko lenger ope…) Tydeleg sti ned til Ryggjastøylen.
Då hadde vi fullført 3 T-turar på same runda, og hadde eigentleg planar om å gå sti tvers over og tilbake til Rausetstøylen, men på grunn av tida og varmen (!) var dette lite freistande.. Vi fekk difor haik med kjendfolk tilbake til bilen :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.