Jinding Si, Emeifjellet, Kina, 3079 moh (07.04.2017)


Vi tok taubane eit stykke opp, frå Leidongping parkeringsplass, 2430 moh, til Jieyin, 2710 moh. Deretter gjekk vi opp trappene til den heilage toppen, som ligg på 3079 moh. Der var det ei stor gullstatue av Puxian Boddhisattva, 24 meter høg. Buddhistane gjekk runder rundt, medan dei ba.
Merka at det var tynnare luft då vi gjekk opp trappene...
Mange ville ta bilder med oss - vi var blant dei få kvite der... Taubane ned att, mot neste mål :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.